Annonse
Dryla.no

Full kontroll i lokalderbyet

Fornøgde målskorarar. Frå venstre Vetle Hovland, Einar Lye, Jacob Beschel og Truls Vagle.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Fornøgde målskorarar. Frå venstre Vetle Hovland, Einar Lye, Jacob Beschel og Truls Vagle. Foto: Gunnar U. Stangeland

Einar Tunheim Lye med nytt hattrick, Truls Vagle med scoring frå eigen banehalvdel då Rosseland slo Klepp 6-0. Den største sigeren i oppgjeret nokonsinne.

Publisert:

Sist oppdatert: 07.10.2023 kl 14:58

Skilnaden mellom topp og botn i fjerdedivisjon kom klart til syne då Klepp gjesta Rosseland fredag. Heimelaget spelte ein kamp det det jamne, men var langt unna presisjonen og tempoet dei har vist i det siste. Likevel vart det komfortabelt mot eit Klepp lag som forsvarte seg lågt.
Som for ni dager sidan mot Randaberg, slo Einar Tunheim Lye an tonen med ny dødballscoring etter ni minutt. Som mot Randaberg skulle det bli det første av tre.

Truls Sælevik Vagle ville ikkje vera dårligare. Midtvegs i omgangen oppfatta hovmesteren at Klepp-keeperen stod litt langt ute. Eit kjapt og presist frispark vart slått frå eigen banehalvdel i boge over Thomas Kyllingstad. 2-0 og årets mål!

Det kan gå ein stund til me for sjå Klepp marsjera ut på Rosselandsbanen i seriesamanheng. Det skal eit lite mirakel til om Klepp skal berga plassen i fjerdedivisjon.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Det kan gå ein stund til me for sjå Klepp marsjera ut på Rosselandsbanen i seriesamanheng. Det skal eit lite mirakel til om Klepp skal berga plassen i fjerdedivisjon. Foto: Gunnar U. Stangeland

Klepp var ikkje heilt ufarlege, men då Lye auka til 3-0 midtvegs i andre omgang var kampen på mange måtar over.
Rosseland tok litt foten av gassen, men scora tre mål til før laga tok haustferie.
Vikarspiss Vetle Hovland scora eit spissmål i god Hovland-stil, den suspenderte tvillingbroren
Sondre applauderte frå speakerplass.

Einar Lye putta sitt tredje, medan innbyttar Jacob Beschel skora sitt første RBK-mål på overtid. Også det på dødball.

Rosseland trygga med det plassen på toppen av tabellen. Det gjenstår fem kamper av årets sesong, Rosseland har eit eventuelt opprykk i eigne hender.

6-0 er den største sigersmarginen i seriesamanheng mellom laga. Den tidligere rekorden stod Morten Sørensen, Terje Aasen og co for då dei slo Jarle Hadland, Bjarte Brunes med fleire 4-0 på Hognestad i 1999.

KAMPFAKTA

Jacob Beschel sette inn 6-0 då han fekk tåa på eit frispark i sluttminutta.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Jacob Beschel sette inn 6-0 då han fekk tåa på eit frispark i sluttminutta. Foto: Gunnar U. Stangeland

Varierande, men gode forhold då Rosseland tok i mot Klepp. Omlag 200 tilskodarar trassa det gule farevarselet.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Varierande, men gode forhold då Rosseland tok i mot Klepp. Omlag 200 tilskodarar trassa det gule farevarselet. Foto: Gunnar U. Stangeland

Nøkkelord

Annonse