Klargjør siden...
Annonse
Dryla.no

Til kvartfinale etter Mæland-show

Ola Mæland dreiv Frøyland-spelarane til vannvidd og skora det viktig 1-0-målet.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Ola Mæland dreiv Frøyland-spelarane til vannvidd og skora det viktig 1-0-målet. Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland slo ut Frøyland av cupen for andre gong i år!

Publisert:

Sist oppdatert: 27.05.2024 kl 21:57

I mars slo Rosseland Frøyland i den første kval.runden til NM, måndag vart det ny siger då Rosseland var på ny cuptokt på andre sida av Frøylandsvatnet.

KAMPFAKTA

Den tredje runden i Rogalandscupen var lenge jamnspelt på den flotte grasmatta på Frøyland stadion. Begge lag forsvarte seg godt før pause, det var få store sjansar.

Då laga kom ut til andre omgang virka det som Rosseland hadde fått Jærnåttå ut av kroppen. Beina gjekk raskare og presisjonen på pasningane var med eit langt betre.

Ola Mæland var høgt og lågt og fekk og æra av å skora kampen første og vakraste mål. Imre Aune køyrde tunnel og innlegg på venstrekanten og fann Mæland som klemde ballen opp i nettaket på flott vis. 0-1!

Heimelaget justerte litt og jobba seg tilbake i kampen. Frøyland var farleg frampå eit par gonger før kreftene tok slutt. I staden tok Rosseland over og sette spikeren i kampen og cupkista til Frøyland.
Innbyttar Øyvind Kverneland Braaten fekk spasera inn 0-2 etter at keeper måtte gje retur etter massiv Rosseland-press.

Kvartfinale i Rogalandscupen er det mange år sidan Rosseland har vore i nærleiken av. Onsdag er det trekning av kvartfinalekampane.

I tillegg til cupavansement var det gledeleg at Truls Vagle gjorde eit vellukka comeback etter skadeavbrekk.

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.

Annonse