Annonse
Dryla.no

Timålsthriller i klassisk naboduell

Det vart målfest då Rosseland møtte Kåsen i fjerdedivisjon for første gong på 25 år!

Publisert:

Sist oppdatert: 31.05.2024 kl 09:20

Rosseland var store favorittar mot naboen på andre sida av Bryne. Heimelaget gjekk ut i hundre og skora to mål tidleg. Det andre vart annullert for offside, men bombardementet mot Jonathan Seland i Kåsen-målet heldt fram om lag 20 minutt.
Eit bytte, nokre formasjonsendringar og eit godt trent bortelag, som låg disiplintert i forsvarsramma, gjorde at Kåsen kom meir med i kampen.
Etter 39 minutt kom utligninga etter eit langt innkast og rett før pause tok veslebror frå Tu leiinga etter eit frekt langskot.

Rosseland gjekk slukøyra til pause på 1-2 og fekk klar beskjed av Kai Ove Stokkeland om at dette var langt frå godt nok.

Betre andreomgang

Dei oransje, med formspelar Ola Mæland i spissen, tok ansvar med ein gong. Mæland scora sitt andre tidleg, og då silkefoten til Truls Vagle entra banen var det duka for Vagle/Time-show på corner.
Kombinasjonen Vagle-Time var ein knallsuksess i heile fjor og samarbeid fortsette mot Kåsen. 3-2 og 5-3 på akkurat same måte, corner frå høgre på hovudet til RBK-kapteinen.
Ola Mæland sette inn sitt tredje og kampen vakraste då han dundra framspelte frå Vetle Hovland i vinkelen frå 16 meteren.

Kåsen var langt frå ufarlege og synte god effektivitet dei gongene dei slapp seg fram. Kontringa som førte til 5-3 var av det nydelege slaget, sjølv om Rosseland burde ha klarert.
Joakim Oma sørga og for nerve heilt til slutt då han skaffa straffespark og ekspederte inn 5-4 mot slutten.
Kampen stod og vippa til Kristen Reime vart sendt fri av Svein Arne Monsen. Innbyttaren var iskald åleine med Seland, som var Kåsens beste trass seks mål i sekken.

Svein Arne Monsen har passert 400 A-kampar og fekk blomar av Rosseland-formann Terje Aasen før kampen mot Kåsen. Aasen stod i mål for Rosseland sist laget møtte Kåsen i 4. divisjon i 1999.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Svein Arne Monsen har passert 400 A-kampar og fekk blomar av Rosseland-formann Terje Aasen før kampen mot Kåsen. Aasen stod i mål for Rosseland sist laget møtte Kåsen i 4. divisjon i 1999. Foto: Gunnar U. Stangeland


Sjå lagoppstillinga frå då Rosseland møtte Kåsen i 1999.

Det klassiske lokalderbyet med ti scoringar hadde fortent fleire tilskodarar, men kampen måtte flyttast frå laurdag til torsdag kveld grunna turnering. Det er berre å håpe på fleire folk og nytt målshow når naboane brakar saman på Kåsen i haust.

KAMPFAKTA

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Jonathan Seland rydda opp i stor stil, men kunne ikkje åleine hindra at Peter Aarrestad Time, Ola Mæland og Kristen Reime skora til saman seks gonger.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Jonathan Seland rydda opp i stor stil, men kunne ikkje åleine hindra at Peter Aarrestad Time, Ola Mæland og Kristen Reime skora til saman seks gonger. Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Nøkkelord

#Kåsen ILVis flere

Annonse