Annonse
Dryla.no

Kynisk Klepp-lag stoppa Rosseland-toget

Rosseland var store favorittar mot botnlaget Klepp, men leverte ikkje sin beste bortekamp tysdag.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland var store favorittar mot botnlaget Klepp, men leverte ikkje sin beste bortekamp tysdag. Foto: Gunnar U. Stangeland

Ein taktisk godt gjennomført kamp av heimelaget var nok til å setje Rosseland ut av spel.

Publisert:

Sist oppdatert: 07.06.2023 kl 09:20

Rosseland var det klart beste laget på Klepp stadion tysdag, men gjorde ting vanskeleg for seg sjølv i den sterke vinden.
For mange ballberøringar og unøyaktig pasningsspel gjorde at Klepp kunne liggja kompakt og ta i mot når Rosseland prøvde seg framover.

Gjestene hadde ein del sjansar før pause, men godt keeperspel og unøyaktige avslutningar hindra meir enn det eine baklengsmålet.
Einar Lye heada returen frå Sondre Hovlands avslutning i tomt mål etter 18 minutt.

Etter kvilen hadde heimelaget vinden i ryggen og fekk endå betre arbeidsforhold i forsvar.
Rosseland skapte nesten ikkje sjansar før Klepp utnytta slett forsvarsspel og utlikna på sik første store sjanse i kampen eit kvarter før slutt.

Rosseland tok tak i kampen igjen på 1-1. Laget spelte seg til nokre store sjansar og fekk mellom anna tre frispark frå 18-20 meter i sluttminutta. Truls Vagle kom ikkje nærare enn stolpen, dermed ebba kampen ut med 1-1 og eit litt unødvendig poengtap.

KAMPFAKTA

Måndag er det ny kamp mot ein ny nedrykkskandidat. Hundvåg kjem til Rosseland, og har som Klepp alt å vinna. Då gjeld det å ikkje gå i fella igjen, ikkje ta for lett på oppgåva og unngå enkle feil. Presisjonen og tempoet i angrepsspelet mål opp nokre hakk.

For Klepp gjeld det å fortsette å spele kynisk, laget møter Sola og Varhaug i dei neste kampane. Då må dei klare seg utan Bård Stangeland Gausland. Han fekk sjå det raude kortet etter nedriving som sistemann på overtid. Kun ein kampball på heimebane og ekstrem drøying av tid er gode metoder for å frustrera motstanderen, men det spørs om det åleine er nok til å ta dei poenga som skal til for å berge plassen i divisjonen.

TV2 hang på Rosseland før, under og etter kampen.
 Foto: Marcus Vaaland Sikveland

TV2 hang på Rosseland før, under og etter kampen. Foto: Marcus Vaaland Sikveland

Nøkkelord

Annonse