Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Oppmann Kjell Ove Taksdal er den einaste i dagens tropp og team som kan hugsa sist Rosseland vann på Klepp stadion. Taksdal seriedebuterte i kampen for 21 år sidan då Rosseland slo Klepp 20. april 2001. Foto: Gunnar U. Stangeland
Den første sigeren over Klepp, på Klepp stadion på 21 år, var av det overlegne slaget.
Publisert: 21.10.2022 kl 21:10
Sist oppdatert: 21.10.2022 kl 22:58
Rosseland var for første gong på lenge store favorittar før lokalderbyet fredag. Dei oransje gjekk rett i strupen på heimelaget og to-tre gode redningar av rossalendingen i kleppmålet, Oscar Gåsland, hindra tidleg leiing.
Foto: Gunnar U. Stangeland
Klepp fekk etterkvart summa seg og dei neste 20 minutta var ganske jamnspelte. Så tende Rosseland på alle sylindarane og sette fart. Hovland-brørne, Time-brørne og Geir Høyland viste masse vilje, og 0-3 til pause var ikkje eit mål for lite.
Dei to måla til kaptein Peter Aarrestad Time (ein halvvolley etter corner og ei heading på Jarle Madlands flotte innlegg) var kjærkomne og viktige, scoringa til Sondre Hovland kom etter eit mønsterangrep som vart avslutta med ein frekk lobb over keeper, men det er 4-0-scoringa til Even Aasen i andre omgang som vil bli hugsa frå denne kampen. Frå eigen banehalvdel brøyta venstrebacken seg fram, sette fart og køyrde slalom forbi ei rekkje kleppspelarar, før han sette ballen i mål!
Klepp fekk eit trøystemål etter kontring, men var aldri i nærleiken av å ta poeng på eige kunstgras.
Etter 23 og 22 kamper står Rosseland og Klepp med henholdsvis 51 og 20 poeng.
Rosseland har ein kamp igjen før det blir ein velfortent ferie - heime mot Varhaug i sesongfinalen fredag 28. oktober.
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.