Annonse
Dryla.no

Uavgjort i den tredje naboduellen

Rosseland hadde allereie vunne to gonger på Frøyland denne sesongen, det tredje forsøket enda med uavgjort.

Publisert:

Rosseland har vore Frøyland sin nemesis dei siste sesongane, etter at det tok 32 år før laget vann på Frøyland stadion.

I mars slo dei oransje ut Frøyland frå NM, for nokre veker sidan sende Rosseland ut Frøyland av Rogalandscupen.

Fredag fekk Frøyland ein slags revansje. I den nest siste kampen før ferien var det Frøyland som tok leiinga. Heimelaget utnytta eit balltap og fossa i angrep. Espen Ravndal sette ballen under Anders Espeland.

KAMPFAKTA

Rosseland slo tilbake ikkje lenge etter. Imre Aune avslutta eit flott angrep via stolpe og keeper, 1-1 var ikkje meir enn Rosseland fortente etter spel og sjansar.
Fleire mål kom det aldri i kampen. To gode lag, som ser fram mot ferie, sleit med å skapa store sjansar. Duellane var likevel tøffe og nerva var til stades, slik det skal vere i lokalderby.

Med 1-1 sneik opprykksjagande Åkra seg forbi Rosseland og Frøyland på tabellen. Suverene Torvastad kjem til Rosseland laurdag neste veke.

Peter Time, Jarle Madland og Ola Mæland imponerte mest for dei oransje. Herman Rugland gjorde eit minicomeback i Einar Lyes karantene-fråver.

Kristen Reime og Einar T. Lye stod over med karantene, Truls Vagle og Oscar Gåsland var på ferietur.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Kristen Reime og Einar T. Lye stod over med karantene, Truls Vagle og Oscar Gåsland var på ferietur. Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland-forsvaret, her representert med Anders Dahle Thorsen og Andreas Time hadde det travelt med å stoppa ein god Scott Vatne.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland-forsvaret, her representert med Anders Dahle Thorsen og Andreas Time hadde det travelt med å stoppa ein god Scott Vatne. Foto: Gunnar U. Stangeland

Kai Ove Stokkeland var brukbart nøgd med 1-1 borte mot topplaget Frøyland.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Kai Ove Stokkeland var brukbart nøgd med 1-1 borte mot topplaget Frøyland. Foto: Gunnar U. Stangeland

Herman Rugland har vore i USA sidan august, fredag gjorde han comeback den siste halve timen på midtbana til Rosseland. Øyvind Kverneland Braaten kom inn på spissplass for Sondre Hovland.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Herman Rugland har vore i USA sidan august, fredag gjorde han comeback den siste halve timen på midtbana til Rosseland. Øyvind Kverneland Braaten kom inn på spissplass for Sondre Hovland. Foto: Gunnar U. Stangeland

Flotte forhold, men lite publikum på plass for å sjå den tredje naboduellen på Frøyland i år.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Flotte forhold, men lite publikum på plass for å sjå den tredje naboduellen på Frøyland i år. Foto: Gunnar U. Stangeland

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.

Annonse