Annonse
Dryla.no

Vidare i Rogalandscupen etter historisk oppgjer i Dirdal

Første kamp på den nye banen i Dirdal. 2. runde i Rogalandscupen mot Ålgård.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Første kamp på den nye banen i Dirdal. 2. runde i Rogalandscupen mot Ålgård. Foto: Gunnar U. Stangeland

På tredje forsøk greide endeleg Rosseland å ta seg forbi svarttrøyene i Rogalandscupen.

Publisert:

Sist oppdatert: 19.04.2024 kl 21:04

Ålgård FK har vore Rosseland sin nemesis i Rogalandscupen dei siste sesongane. Både i 2021 og i 2023 vart Gjesdal-klubben for sterke, og då laget fekk ny heimekamp kunne de blitt tre strake tap for dei oransje.

Kampen vart flytta til det flotte anlegget i Dirdal. Sjølv om det var langt å reisa, treivst dei oransje storvegs i fjellufta. Gjestene frå Bryne var klart best gjennom 90 minutt, og var og meir effektive enn i sine siste kamper.
Andreas Aarrestad Time fekk ei flott pasning av Imre Aune og gjorde ingen feil åleine med Marius Halvorsen.
Sondre Hovland var og iskald mot same Halvorsen då Truls Vagle baud på ei krempasning midtvegs i den første omgangen.

Innbyttarane Kristen Reime og Svein Arne Monsen kombinerte fint på 3-0 og alt virka klart for neste cuprunde. På overtid fekk Ålgård likevel ein sjanse til å bite frå seg. To scoringar på overtid gjorde nok at pulsen steig nokre prosent på enkelte på Dirdal stadion, men tilleggstida var ute og avansementet i orden.

Rosseland speler åttendelsfinale i Rogalandscupen for første gong sidan laget møtte Sandnes Ulf i 1996.

KAMPFAKTA

MEIR OM KAMPEN: Aftenbladet sendte kampen direkte. Sjå referat, børs og bildegalleri.

#Ålgård FKVis flere

Annonse