Annonse
Dryla.no

Snubla på oppløpet mot Forus

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland hadde ein alle tiders sjanse til å vinna årets viktigaste kamp, men fekk ikkje ballen i mål mot Forus og Gausel.

Publisert:

Sist oppdatert: 25.03.2024 kl 08:15

Ein kjip sidevind og kaldt ver sette ramma for det siste hinderet i vegen mot den tredje 1. runde-kampen i NM på tre år. Rosseland tok i mot Forus & Gausel (FGI) og var det førande laget gjennom heile kampen.

Dei oransje skapte meir enn nok sjansar til å skora både tre og fire i begge omgangane, men godt keeperspel frå FGI sin sistesjanse og upresise avslutningar hindra scoring.

Bakover var dei oransje i det meir gavmilde hjørnet då ein stor forsvarstabbe la grunnlaget for Erik Engebretsens 1-0 scoring etter 33 minutt. Gjestene feira som om dei hadde vunne i lotto, 1. runde i NM mot motstander frå toppfotballen gjer fort meir enn 100.000 bonuskroner i klubbkassa.

Rosseland hadde endå fleire feire målsjanser dei siste 45 minutta, men ballen ville ikkje inn før på overtid. Då fekk Kristen Reime straffe, Einar T. Lye sette ballen i mål frå i nærleiken av straffemerket. Ballen låg nemleg ikkje i ro i den sterke vinden.

Ekstraomganger. Kaptein Vetle Hovland er klar.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Ekstraomganger. Kaptein Vetle Hovland er klar. Foto: Gunnar U. Stangeland

1-1 etter full tid, ekstraomganger på Rosseland. Her var gjestene både kloke og gode, Rosseland vart litt for desperate i det oppbyggjande spelet og dei lange oppspela vart lette å forsvara seg mot.
I staden krangla matchvinner Engebretsen inn 2-1 i den første ekstraomgangen. Sjølv om gjestene vart redusert til 10 mann greide dei på uforklarleg vis å halda buret reint og vann kampen og "gullbilletten" til 1. runde.

KAMPFAKTA

Nøkkelord

Annonse