Annonse
Dryla.no

Monsterdebut!

Imre Aune (2), Andreas Ueland (4) og Vetle Apneseth scora måla i Rosselands 7-1-siger borte mot Avaldsnes.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Imre Aune (2), Andreas Ueland (4) og Vetle Apneseth scora måla i Rosselands 7-1-siger borte mot Avaldsnes. Foto: Gunnar U. Stangeland

Andreas Ueland signerte for Rosseland mandag, trente tirsdag og debuterte med fire mål torsdag!

Publisert:

Sist oppdatert: 02.05.2024 kl 22:18

Sjukdom, skader, jobb og eksamensførebuingar gjorde at Kai Ove Stokkeland måtte stokka om på planane til årets første bortekamp i nordfylket.
Nykomar Andreas Ueland er best kjent som robust midtstoppar, men vart sett opp som midtspiss i Sondre Hovlands fråver.
Ueland svei den første sjansen etter 40 sekund, men slo kraftig tilbake.
På 17 minutt scora debutanten ekte hattrick frå det 28. til det 45. minuttet. Etter pause la han på til 0-4 og var nær både fem og seks scoringar før kreftene tok slutt i den første kampen sidan november.

KAMPFAKTA

Ueland var ikkje åleine om bragda. Einar Tunheim Lye var i kjempeslag på den gode grasbanen på Avaldsnes og fora Ueland gjennom heile kampen saman med Anders Hognestad, Vetle Apneseth og Imre Aune.

Dei to sistnevnte tegna seg begge på scoringslista då firemålsscoraren takka av. Vetle Apneseth skora eit, Imre Aune kriga inn to.

Avaldsnes fekk eit trøystemål, men var i realiteten sjanselause mot eit for dagen leikent RBK-lag.

Assistenttrener Paul Ove Laland fekk seg nokre minutt på slutten, då han kom inn til sin første seriekamp sidan 2019.

Torsdagens siger var den fjerde strake i serien. Rosseland og Torvastad er einaste lag utan poengtap så langt, Nord leiar tabellen med ein kamp meir spelt.

Paul Ove Laland kom inn dei siste fem minutta.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Paul Ove Laland kom inn dei siste fem minutta. Foto: Gunnar U. Stangeland

Strålande forhold i vårsola på Karmøy.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Strålande forhold i vårsola på Karmøy. Foto: Gunnar U. Stangeland

Peter Aarrestad Time leia den 13-mann store Rosseland-troppen inn til tre nye poeng.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Peter Aarrestad Time leia den 13-mann store Rosseland-troppen inn til tre nye poeng. Foto: Gunnar U. Stangeland

Imre Aune har skora mål i tre kamper på rad.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Imre Aune har skora mål i tre kamper på rad. Foto: Gunnar U. Stangeland

Fire scoringar på 73 minutt. Grei debut for Andreas Ueland.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Fire scoringar på 73 minutt. Grei debut for Andreas Ueland. Foto: Gunnar U. Stangeland

Vetle Apneseth er ekstra god på naturgras og herja mot Avaldsnes.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Vetle Apneseth er ekstra god på naturgras og herja mot Avaldsnes. Foto: Gunnar U. Stangeland

Annonse