Dryla.no
Tidleg ferie for Aune
Fekk tre kampers karantene.
Dommen frå NFF er klar.
Publisert: 07.10.2022 kl 17:10
Sist oppdatert: 07.10.2022 kl 17:11
Imre Aune blir ikkje å sjå på vingen i Rosselands tre gjenståande seriekampar.
19-åringen fekk raudt kort for det som vart oppfatta som eit slag på overtid i onsdagens 1-0-siger, og må sona tre kamper for voldsom oppførsel med bakgrunn i reaksjonsreglementet § 4-15.
Aune missar heimekampane mot Skjold og Varhaug og bortekampen mot Klepp.
Angriparen har vore involvert i 15 av dei 21 seriekampane så langt og står med fem scoringar.