ANNONSE

Artikkelen fortsetter etter annonsen.

Annonse
Dryla.no

Super-Sem redda poenga

Foto: Gunnar U. Stangeland

Innbytter Herman Rasmussen ordna straffespark, Truls Vagle fiksa scoring, men det var Rosselands keeper som var den avgjerande brikka i Rosselands 1-0-siger på Stemmen.

Dryla.no
Dryla

Publisert:

Sist oppdatert: 06.10.2022 kl 10:30

Rosseland fekk ein uventa tøff kamp borte mot botnlaget Tasta onsdag.
Heimelaget låg stramt og lågt og venta på kontringar. Dei gongene Rosseland hadde uheldige balltap, hogg heimelaget til.
Fire gonger måtte Sem Aleksander Bergene ut i fullt strekk og avverga i alt fire feite sjansar med sterke armar, beinparader og blokkeringar med kroppen.

Lyset var ikke det beste på en høstlig Stemmen kunstgress onsdag. Rosseland stilte i hvite reservedrakter mot Tasta, men slet litt med å finne hverandre med pasningene i første omgang. Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland sløste og med sjansane. Sondre Hovland og Leander Egeland misbrukte dei største aleine med Tasta-keeperen, som og spelte ein god kamp. I tillegg stod tverrliggaren i vegen då Isak Elamari og Even Aasen testa skotføtene frå distanse.

Peter Aarrestad Time og Svein Arne Monsen var utilgjengelige, dermed ble det ble noen rokeringer i forsvaret mot Tasta. Even Aasen debuterte som midtstopper, Isak Elamari startet på venstrebacken. Foto: Gunnar U. Stangeland

I bakken


Rosseland hadde betre kontroll og færre balltap i andre omgang, men makta ikkje å setje ballen i mål.
Kampen gjekk mot 0-0 då innbyttar Herman Rasmussen kom inn som eit friskt pust i kampen. I sin første kamp sidan november i fjor vart Herman lagt i bakken inni straffefeltet. Truls Vagla har vore sikker frå straffemerket så langt i år og heller ikkje denne gong svikta midtbaneeleganten. 0-1 med fem minutt igjen.

Raudt kort


Tasta ville med tap vera eit godt steg nærmare nedrykk og kampen vart etterkvart prega av frustrasjon og desperasjon. Imre Aune lot seg provosera på overtid og fekk sjå det raude kortet etter ein episode der han responderte på eit høgt spark.



Neste kamp for Rosseland er heime mot Skjold, eit anna lag som kjemper for å unngå nedrykk til femtedivisjon.

Les også:

Nøkkelord

ANNONSE

Artikkelen fortsetter etter annonsen.

Annonse