Klargjør siden...
Annonse
Dryla.no

Sur cupexit på Karmøy

Rosseland var det beste laget og skapte flest store sjansar, men fekk ein avgjerande knockout på trynet i andre ekstraomgang for andre år på rad.

Publisert:

Sist oppdatert: 21.03.2025 kl 14:20

Rosseland kom til Håland som underdogs. Heimelaget stod til 1,50 i odds hos Norsk Tipping, og vart nok enda større favorittar når laget fekk ei gåvepakke frå RBK-forsvaret etter berre 2 minutt.

1-0 og Rosseland måtte jaga kampen. Det gjorde dei på flott vis. Dei oransje tok tak og spelte ein av sine beste omganger så langt i år. Albert Tjåland og Vetle Apneseth hadde store sjansar, og då sistnemde lobba inn 1-1 var det svært fortent.

Andre omgang var meir jamnspelt og rotete. Laga, som begge hadde eit tøft 1 kvalikrundeoppgjer i beina fire dagar før, vart stadig meir slitne og upresise.
Rosseland skapte mest, Torvastad var heller ikkje heilt ufarlege. Keeperane på begge lag varta opp med gode redningar. Spesielt kan heimelaget prisa seg lukkelege over at armane til Grønningen var i vegen for frisparket til Even Aasen og skotet til Gabriel Time på overtid.

Rosseland virka til å ha meir saft i beina i ekstraomgangane, men kom ikkje til dei heilt store sjansane. Då klokka tikka mot straffesparkkonkurranse glapp det diverre for dei oransje. Straffespark i mot, skoring og full omstilling siste ti minutt.
Kaptein Aarrestad Time vart sendt opp på topp og oppskrifta var klar: Lange oppspel og presise innlegg. Rosseland fekk to-tre brukbare avslutingar, men greide ikkje å overlista Grønningen i Torvastad-målet. Dermed vart det 2-1, scoring i mot i andre ekstraomgang og cupexit i andre kvalikrunde for andre år på rad.

#KAMPFAKTA

Som i fjor var ikkje marginane med Rosseland, spesielt er dei to stolpetreffa på overtid av ordinær tid tunge å svelgja.

Sjølv om dommertrioen traff på dei fleste avgjerande situasjonane, hadde det nok og vore på sin plass med nøytrale/tilreisande dommarar i ein kamp der ein 1. rundekamp verdt opp i mot 100.000 kroner ligg i potten.

Dommartrioen på veg inn til pause.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Dommartrioen på veg inn til pause. Foto: Gunnar U. Stangeland

Albert Braut Tjåland starta sin første kamp for Rosseland og var svært nær skoring.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Albert Braut Tjåland starta sin første kamp for Rosseland og var svært nær skoring. Foto: Gunnar U. Stangeland

God stemning før kamp, tyngre etter kamp.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

God stemning før kamp, tyngre etter kamp. Foto: Gunnar U. Stangeland

Torsdagskveld frå Håland, Karmøy.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Torsdagskveld frå Håland, Karmøy. Foto: Gunnar U. Stangeland

Vetle Apneseth skora eit flott mål då han utlikna til 1-1.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Vetle Apneseth skora eit flott mål då han utlikna til 1-1. Foto: Gunnar U. Stangeland

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.

Annonse