Klargjør siden...
Annonse
Dryla.no

Grei generalprøve - seriestart neste!

Geir Dahle Høyland leia Rosseland (i kvitt) mot Ganddal i regnet på Pizzabakeren banen.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Geir Dahle Høyland leia Rosseland (i kvitt) mot Ganddal i regnet på Pizzabakeren banen. Foto: Gunnar U. Stangeland

Fire av "dei nye" kom på skoringslista då Rosseland møtte Ganddal i den siste treningskampen før seriestart.

Publisert:

Sist oppdatert: 28.03.2025 kl 14:31

Første omgang på Pizzabakeren-banen vart panisk og lite velspelt torsdag. Begge lag var unøyaktige i pasningsspelet og lite fungerte i regnet på Ganddal.
Heimelaget tok leiinga, før Albert Tjåland fiksa utlikning ti minutt seinare. 1-1 til pause.

I andre omgang heva Rosseland seg og tok kommandoen i kampen. Truls Vagle kom inn i andre omgang og stabiliserte midtbanen. Dei oransje, i dette i høvet i kvite drakter, rulla opp fleire flotte angrep, og etter kvart også scoringar.
1-2 kom ved Gabriel Time, 1-3 var ein lekkerbisken av ein lobb frå Olav Aske.

Olav Aske skora sitt første mål for Rosseland.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Olav Aske skora sitt første mål for Rosseland. Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland gjorde ei rekkje bytter og 2010-modellane Marcus Monsen og Samuel Yacob kom inn på kvar sin kant. Ganddal reduserte like etter, men Rosseland og Monsen sikra sigeren fem minutt før slutt.

14,5 år gamle Monsen er dermed klubbens yngste målscorar på seniornivå. Han manglar 198 mål for å nå opp til faren Svein Arne Monsen sitt antall A-lagsmål for Rosseland.

KAMPFAKTA

Rosseland skal møta Ganddal i serien for første gong sidan 2010. Kampane går torsdag 26. juni (b) og 7. november (h).

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Marcus Monsen og Samuel Yacob kom inn for Albert Braut Tjåland og Leander Egeland. Førstnemnde rakk å bli tidenes yngste målskorar for A-laget.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Marcus Monsen og Samuel Yacob kom inn for Albert Braut Tjåland og Leander Egeland. Førstnemnde rakk å bli tidenes yngste målskorar for A-laget. Foto: Gunnar U. Stangeland

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.

#GanddalVis flere

Annonse