Klargjør siden...
Annonse
Dryla.no

Rosseland enkelt videre i cupen

Strålande vårver og nesten 300 tilskodarar danna bakteppe for cupavansementet.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Strålande vårver og nesten 300 tilskodarar danna bakteppe for cupavansementet. Foto: Gunnar U. Stangeland

Madla var nok favorittar på førehand, men tredjedivisjonslaget frå Stavanger var aldri i nærleiken av cupavansement. Til det var Rosseland for gode.

Publisert:

Sist oppdatert: 17.03.2025 kl 12:41

Etter eit visst Madla-press dei første minutta, var det heimelaget som dominerte på Rosselandsbanen. Hurtige angrepsspelarar stressa gjestene, og Geir Dahle Høyland kunne enkelt setja inn 1-0 etter retur ti minutt ut i kampen.

Dei omlag 250 frammøtte venta at Madla skulle slå tilbake, men det kom aldri nokre store sjansar frå dei blåkledde.
1-0 til pause var fullt fortent, men leiinga kunne vore større ut frå antall målsjansar.

Etter pause tok Rosseland betre vare på sjansane. Medan fleire forsvarar kava med å leggja kaptein Aarrestad i bakken, fekk Sondre Hovland gå opp fritt og heada Truls Vagle sin presise dødball i mål. 2-0!

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Madla kom ettarkvart meir med i kampen og fekk blod på tann då eit langskot sneik seg inn i hjørnet. Men Rosseland svara umiddelbart. Geir Høyland fann Vetle Apneseth på venstrevingen. På lekkert vis drog han seg fri og la ballen i lengste hjørne, 3-1!

Kristen Reime var i storform, spesielt før pause laga han mykje trøbbel med farten sin.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Kristen Reime var i storform, spesielt før pause laga han mykje trøbbel med farten sin. Foto: Gunnar U. Stangeland

Heimelaget hadde god kontroll i 85 minutt, så vart det litt kaos på slutten. Eit utspel frå keeper havna plutseleg i beina til Ali Memed, som fekk ein enkel jobb med å redusera.
Reduseringa vart kun eit skremmeskot for heimelaget, sjølv om Rosseland måtte finna fram kynismekortet for å få tida til å gå i tilleggstida.

3-2 slutt!
 Foto: Gunnar U. Stangeland

3-2 slutt! Foto: Gunnar U. Stangeland

3-2 og eit fortent avansement til den andre kvalikrunden i NM. Rosseland var langt betre enn Madla i store deler av kampen. Nykomar Olav Aske spelte ein stor kamp på høgrebacken, medan Geir Dahle Høyland noterte seg skoring og assist som offensiv midtbanespelar.

Rosseland er i andre kvalikrunde i NM for fjerde år på rad! Sigeren over Madla var den første sidan 2010, då Rosseland vann borte og heime.

KAMPFAKTA

Albert Braut Tjåland erstatta målskorar Sondre Hovland midt i andre omgang.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Albert Braut Tjåland erstatta målskorar Sondre Hovland midt i andre omgang. Foto: Gunnar U. Stangeland

Olav Aske var ein av Rosseland sine beste mot Madla.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Olav Aske var ein av Rosseland sine beste mot Madla. Foto: Gunnar U. Stangeland

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.

Annonse