Klargjør siden...
Annonse
Dryla.no

Lovande takter mot SIF

Rosseland trilla tidvis ball i hatt med gjestene.

Publisert:

Sist oppdatert: 07.03.2025 kl 12:57

Treningskampen mot Stavanger IF vart ei fin gjennomkøyring for heimelaget.
Dei oransje hadde høgare balltempo enn i tidlegare kampar og spelte ut gjestene, spesielt etter pause.

1-0 til pause, etter skoring av Einar Lye, var i minste laget, etter kvilen fekk heimelaget betre uttelling.
Innbyttar Kristen Reime sprang frå oppassaren tre gonger før han fekk fritt leide og kunne setja ballen i mål. 3-0 ved Albert Tjåland var ei flott opprulling med mange involverte, det same kan seiast om 4-0 der Leander Egeland sette ballen i mål bak eit utspelt Stavanger-lag.
5-0 kom på frispark på overtid. Geir Høyland sette ballen i mål på frispark frå 18 meter.

Alt i alt mykje positivt å ta med seg, neste teljande heimekamp er NM-kvalik mot Madla 15. mars.

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.

Annonse