Annonse
Dryla.no

Rosseland slo tilbake i Time-derbyet

Kampens gigant, Einar Tunheim Lye, vert gratulert av Svein Arne Monsen etter snuoperasjonen.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Kampens gigant, Einar Tunheim Lye, vert gratulert av Svein Arne Monsen etter snuoperasjonen. Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland reiste seg etter ein tidleg nasestyvar og viste klasse då dei kom tilbake mot eit godt Frøyland-lag.

Publisert:

Sist oppdatert: 26.08.2023 kl 10:13

Rosseland mangla nokre av dei vanlege navna i startellevaren fredag, mellom anna matchvinnaren frå møtet i vår, Truls Vagle. Dei oransje var litt tamme og bakpå i det som normalt er eit intenst lokalderby mot Frøyland. Gjestene gjekk i strupen på Rosseland frå start og fekk betalt allereie etter fem minutt då Tron Olav Kleppa skifta retning på eit godt frispark. 0-1.

Midtbaneduell: Einar Tunheim Lye og Rune Pedersen Bore dominerte kvar sin omgang på midtbanen.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Midtbaneduell: Einar Tunheim Lye og Rune Pedersen Bore dominerte kvar sin omgang på midtbanen. Foto: Gunnar U. Stangeland

Med Rune Bore tilbake i storform, var Frøyland det klart beste laget dei første 20 minutta. Då tok Rosseland tak og kjempa seg tilbake i kampen. Einar Lye og Vetle Apneseth tok tak på midten og var gode med ballen og i duellspelet. Heimelaget fekk meir tru eige angrepsspel, men dei heilt store sjansane uteblei før Kristen Reime fekk ein eventyrleg målsjanse rett før pause. Ballen sklei av foten på det våte føret, dermed 0-0 ved sidebytte.

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Etter pause fortsette heimelaget der dei slapp. Kantspelarane tok meir tak begge veier, og laget spelte seg til fleire gode sjansar. Det måtte ein dødball til før utlikninga kom, som ofte før tok kaptein Peter Time ansvar etter corner.
Det tok fire minutt til før laget gjekk opp i leiinga. Imre Aune kom rundt på kanten og fann Sondre Hovland på bakre stolpe 2-1!

Jarl Henning Nilsen kom inn til sin første Rosseland-kamp. Stopparen synte gode takter og bidrog meg ro og duellstyrke i kaotiske sluttminutt.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Jarl Henning Nilsen kom inn til sin første Rosseland-kamp. Stopparen synte gode takter og bidrog meg ro og duellstyrke i kaotiske sluttminutt. Foto: Gunnar U. Stangeland

Det siste kvarteret stod kampen å vippa. Begge lag har sjansar til å scora, Frøyland var nærmast med tverrleggertreff. Gjestene hadde kanskje fortent noko etter den gode første omgangen, men Rosseland stod i mot og tok tre sterke og ganske så fortente poeng.
Rosseland har historisk sett hatt dårleg tak på Frøyland, men i år har det blitt seks poeng etter to jamne kampar.

KAMPFAKTA

Jarle Madland (t.h.) var nøgd etter kampen. - Det er ekstra gildt å vinna desse tette lokalopgjera, gliste kleppsbuen, som var høgt og lågt frå sin høgrebackposisjon.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Jarle Madland (t.h.) var nøgd etter kampen. - Det er ekstra gildt å vinna desse tette lokalopgjera, gliste kleppsbuen, som var høgt og lågt frå sin høgrebackposisjon. Foto: Gunnar U. Stangeland

Tøffe dueller og småamper stemning undervegs i kampen, men tonen var god mellom Time-naboane etterpå.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Tøffe dueller og småamper stemning undervegs i kampen, men tonen var god mellom Time-naboane etterpå. Foto: Gunnar U. Stangeland

Med eit par tunge forfall til kampen mot Frøyland måtte Stokkeland stokka litt om på startelleveren mot Frøyland.

Med eit par tunge forfall til kampen mot Frøyland måtte Stokkeland stokka litt om på startelleveren mot Frøyland.

Annonse