Klargjør siden...
Dryla.no

Første seriesiger over Ålgård FK

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland har hatt god kontroll på Ålgård i Rogalandscup og NM kval., men klubben hadde aldri før teke meir enn ett poeng i seriesamanheng.

Publisert:

Sist oppdatert: 13.06.2025 kl 09:58

RBK-formann Terje Aasen stod i mål då Rosseland spelte uavgjort mot Ålgård i tredjedivisjon i 2000, kampen på Ålgård stadion endte 1-1 etter ei Trond Tveit-utlikning. 12. juni 2025 skjedde det igjen, Rosseland tok poeng frå det gamle storlaget i ein seriekamp. Denne gong tre poeng og etterkvart ein ganske så kontrollert siger.

Serietreeren stod i mot lenge. Samstundes som Rosseland sløste med sjansane, storspelte midtstoppar Sven Merkesdal og målmann Marius Halvorsen for svarttrøyene.
Det tok 38 minutt før også dei måtte kapitulera. Ein frisk Albert Braut Tjåland fekk lurt seg inn i feltet og heada eit flott innlegg frå venstre kontrollert i mål.

Toppskorar, Albert Braut Tjåland.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Toppskorar, Albert Braut Tjåland. Foto: Gunnar U. Stangeland

Leiinga burde vore mykje større utover andre omgang. Spesielt når spelesugne angriparar kom inn etter skadeavbrekk. Sondre Hovland skora nesten på det første touchet, medan Ola Mæland, Kristen Reime og Geir Høyland skapte overtal og kaos i ÅFK-forsvaret.
Sistnevnte var sist på 2-0 etter corner og ein annan spelesugen innbytter, Gabriel Time, fekk æra av å setja inn 3-0 på overtid.

Den historiske triumfen var på alle måter fortent, spesielt med tanke på forsvarsspelet. Den bakre femmeren hadde full kontroll på ÅFK-angrepet, som kun skapte eit par halvsjansar i løpet av 90 minutt.

Rosseland har 8 sigrar og 5 uavgjorte mot Ålgård 2 på 15 kampar frå 2002 til 2015.

Sigeren var og den niande strake i serien, det er mange år sidan Rosseland har starta sesongen med 27 av 27 poeng.

KAMPFAKTA

Jakob Berland og Jarle Madland utgjorde ein nykomponert stopparduo. Clean sheet og BB til Madland, Berland var like god.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Jakob Berland og Jarle Madland utgjorde ein nykomponert stopparduo. Clean sheet og BB til Madland, Berland var like god. Foto: Gunnar U. Stangeland

Einar Tunheim Lye var kaptein i Peter Aarrestad Time sitt fråver.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Einar Tunheim Lye var kaptein i Peter Aarrestad Time sitt fråver. Foto: Gunnar U. Stangeland

Ola Mæland kom inn det siste kvarteret etter eit langt skadeavbrekk.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Ola Mæland kom inn det siste kvarteret etter eit langt skadeavbrekk. Foto: Gunnar U. Stangeland

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.