Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Foto: Gunnar U. Stangeland
Den åttande strake seriesigeren var klubbens aller første trepoenger på Eigerøy.
Publisert: 06.06.2025 kl 21:40
Sist oppdatert: 06.06.2025 kl 22:36
Rosseland hadde ikkje vunne borte mot Eiger sidan trioen Kjetil Sel, Kurth Gausland og Sigval Bryne herja i 1987, då gjekk kampen på Husabø.
Fredag var serieleiaren favorittar mot eit heimelag som mangla fleire spelarar til kampen. Rosseland starta best, men sleit med uttelling. Peter Time var nærmast skoring då han heada utanfor frå kort hald. Eiger var ikkje ufarlege. Kaptein Kjellman drog seg fri og avslutta utanfor to gonger i første omgang.
Eiger brukte mykje krefter på å forsvara seg, etter pause hang dei ikkje like godt med. Rosseland la eit godt press på Eiger. Kaptein Peter Time fekk endeleg nettkjenning etter ein god corner frå Truls Vagle, og sistnemnde kunne dobla leiinga like etter frå straffemerket. Straffesparket blei redda, men Albert Tjåland ordna fortent 0-2 nokre minutt seinare.
Rosseland såg ut til å kontrollera kampen og kunne ha auka, men heimelaget gav seg aldri. Faktisk var heimelaget svært nær redusering etter dødball, Truls Vagle redda på streken.
Den åttande strake sigeren var aldri truga. Rosseland slo Eiger borte for tredje gong i historia, i 1982 og 1987 vart det tre poeng i Idrettsparken. Rosseland vann i Hålå i treningskamp mot Søgne i 2023.
No venter Ålgård heime og Sandnes-dobbel mot Sandved og Ganddal før sommarferien.
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.