Annonse
Dryla.no

Rota vekk to poeng mot naboen

Rosseland er framleis ubeseira, men burde hatt tre poeng mot Frøyland.

Publisert:

Sist oppdatert: 07.06.2022 kl 13:58

Rosseland såg ut til å gå mot ein kontrollert heimesiger mot Frøyland laurdag.
Etter at Svein Arne Monsen hadde gitt heimelaget leiinga på straffe og Morten Karlson hadde sett ballen i eige mål, var det lite som tyda på at Frøyland skulle få noko ut av kampen.

Sovna på slutten

Men i løpet av det siste kvarteret rota dei oransje det til for seg sjølv.
Anders Haugen fekk plass og tid åtte minutt før full tid, og sette gjestenes første sjanse i andre omgang under Sem Bergene.
Dei neste ti minutta bølga spelet utan at laga kom til store sjansar. Begge lag gjorde mange bytter og kampen og posisjoneringa til fleire av spelarane var ikkje av beste sort.

Gjorde det godt att

På overtid flytta Frøyland fram fleire i angrep og fekk betalt i form av dødballer.
Fire minutt på overtid vart det og tellende resultat då Morten Karlson gjorde opp for sjølvmålet. Ganske åleine på bakre stolpe heada han i rett mål til stor begeistring for dei kvite frå andre sida av vatnet.

Kjedeleg omgang

Lokalderbyet vart aldri velspelt. Laga hadde mykje respekt for kvarandre og turte ikkje å sleppa seg laus framover før på slutten.
Førsteomgang var ein stillingskrig og truleg lite sjåverdig for den nøytrale.
Rosseland og Einar Lye hadde ein ball i nettet, men assistentdommeren meinte det var offside.

Stokkeland og Laland ser ikkje veldig imponerte ut tidleg i andre omgang.
 Foto: Stangeland Gunnar

Stokkeland og Laland ser ikkje veldig imponerte ut tidleg i andre omgang. Foto: Stangeland Gunnar

Sakna Time

Einar Lye, Vetle Hovland og Even Aasen utmerka seg hjå heimelaget. Sistnevnde vart kåra til banens beste.

Nummer 20 Even Aasen var Rosselands beste mot FIL.
 Foto: Stangeland Gunnar

Nummer 20 Even Aasen var Rosselands beste mot FIL. Foto: Stangeland Gunnar

Elles var saknet av Sondre Hovland og ikkje minst Peter Aarrestad Time merkbart, spesielt i sluttminutta.

Torsdag er det bortekamp mot opprykksfavoritt Madla, då er heldigvis duoen tilbake.

Frøyland mangla Rune Pedersen Bore og Kristoffer Kverneland i laurdagens lokaloppgjer. Neste oppgåve for Frøyland er heimekamp mot Kopervik fredag.

Rosseland gjorde nokre endringar til kampen mot Frøyland.
 Foto: Stangeland Gunnar

Rosseland gjorde nokre endringar til kampen mot Frøyland. Foto: Stangeland Gunnar

Annonse