Annonse
Dryla.no

32 år sidan sist Rosseland tok tre på Frøyland

Denne gjengen slo Frøyland i serien på Frøyland for første gong på 32 år.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Denne gjengen slo Frøyland i serien på Frøyland for første gong på 32 år. Foto: Gunnar U. Stangeland

Ein god og ein ganske middels omgang la grunnlaget for historisk triumf.

Publisert:

Sist oppdatert: 31.03.2023 kl 17:20

21. august 1991 slo Rosseland Frøyland sist i ein seriekamp på Frøyland stadion. Kjetil Sel, Cato Time og Oddvar Skårland scora for Rosseland den gong, Svein Åge Skjæveland var i startelleveren til Frøyland.

I fjor vart det berre uavgjort, men torsdag fekk Rosseland bukt med Frøyland-spøkelset ein gong for alle.
Ein flott førsteomgang, der formspelar Sondre Hovland igjen gjorde som han ville, la grunnlaget for sigeren.


Einar Lye var tilbake i startelleveren. Vetle Hovland måtte stå over med skade.

Einar Lye var tilbake i startelleveren. Vetle Hovland måtte stå over med skade.

Hovland utnytta bakrom og sprang i frå Frøyland-forsvaret ved fleire høve. Tellande resultat blei det etter 11 og 29 minutt. Dei oransje kunne og burde leia meir til pause på det regnvåte kunstgraset på Frøyland.

Kai Ove Stokkeland var godt nøgd med førsteomgangen mot Frøyland. Etter pause fekk han litt å tenka på, men RBK-treneren trakk det lengste strået til slutt.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Kai Ove Stokkeland var godt nøgd med førsteomgangen mot Frøyland. Etter pause fekk han litt å tenka på, men RBK-treneren trakk det lengste strået til slutt. Foto: Gunnar U. Stangeland

Tok grep

Frøyland-trener Alf Ingve Berntsen tok grep i pausa, gjorde tre bytter og justerte litt på formasjonen. Laget hans var ikkje til å kjenna igjen frå den første omgangen, heimelaget fekk gjestene til å sjå middelmådige ut i periodar. Frøyland hadde ballen svært mykje, men skapte stort sett halvsjansar og dødballer.
Etter kvart kom ei fortjent redusering signert innbyttar Berge Ohm, etter eit litt billeg frispark.
Heimelaget såg med dette ut til å koma tilbake i kampen, men litt i mot spelets gang fekk Rosseland full uttelling på ei kontring. Einar Tunheim Lye avslutta meisterleg i krysstanga og inn, 1-3 med eit kvarter igjen.

Einar T. Lye var tilbake etter fråvær sist og spelte ein god kamp på midtbana. 1-3-scoringa var av høg klasse.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Einar T. Lye var tilbake etter fråvær sist og spelte ein god kamp på midtbana. 1-3-scoringa var av høg klasse. Foto: Gunnar U. Stangeland

Hawaii-avslutning

Frøyland-håpet såg ut til å svinna hen med 1-3-scoringa, men nesten tre minutt på overtid fekk heimelaget 2-3 heilt ut av det blå. Ein gedigen og heilt unødvendig forsvarstabbe skapte ny nerve i kampen, i det Anders Haugen fekk setja ballen nesten tomt bur. Kvittrøyene kasta alt i angrep i forsøk på å ta nok ein skalp mot dei oransje, men i staden for 3-3, brukte Truls Sælevik Vagle ro, erfaring og kløkt då ha løfta ballen i tomt mål frå 30 meter nesten seks minutt på overtid.
2-4 og ein svært etterlengta siger.

Truls Vagle har nettopp avgjort kampen. Seks minutt på overtid. Rosseland sitt Frøyland-kompleks er dermed borte.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Truls Vagle har nettopp avgjort kampen. Seks minutt på overtid. Rosseland sitt Frøyland-kompleks er dermed borte. Foto: Gunnar U. Stangeland

Kampfakta

Annonse