Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Uansett korleis det går i seriefinalen har Rosseland levert den sterkaste poengfangsten etter sommerpausen i fjerdedivisjon avd. 2.
Publisert: 07.11.2024 kl 12:55
Sist oppdatert: 15.11.2024 kl 12:54
Rosseland står med 26 poeng på ti kamper i haust. Etter åtte strake sigrar, spelte dei oransje sin andre strake uavgjort då Frøyland kom på besøk i den siste heimekampen.
Rosseland festa grepet om andreplassen, og sementerte posisjonen som Jærens nest beste seniorlag. Heimelaget var klart best mot Frøyland, men fekk ikkje ballen i mål. Dei oransje har slite litt med uttellinga etter at Sondre Hovland vart skada i semifinalen i Rogalandscupen, årets siste heimekamp var årets første utan nettkjenning.
Også gjestene hadde eit par gode målsjansar, men Steffen Bolme ordna opp på forsøka frå toppscorer Anders Haugen. Med 0-0 i sesongens siste heimekamp har Rosseland tre poeng ned til Åkra og tre mål betre målforskjell før seriefinalen mot Torvastad.
Vetle Hovland storspelte som midtstoppar og seinare midtspiss og vart kåra til banens beste.
Omlag 200 mann møtte opp til lokalderbyet på Rosselandsbanen.
0-0Fekk ikkje ballen i mål mot Frøyland.
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.