Klargjør siden...
Annonse
Dryla.no

Tapte for topplaget Torvastad

Foto: Marius Bøe

Foto: Marius Bøe

Rosseland stod ikkje distansen heilt ut og gjekk på haustsesongens første serietap i seriefinalen mot opprykksklare Torvastad.

Publisert:

Sist oppdatert: 11.11.2024 kl 15:48

Gjestene var fullt på høgde med heimelaget, men det var dei grøne frå Karmøy som stod for nettkjenning. 1-0 tidleg i kampen heldt seg til pause, og 2-0 tidleg i andre omgang tok mykje av nerva ut av kampen.
Heimelaget var allereie opprykksklare og hadde berre ære å spele for, Rosseland spelte for å sikre andreplassen. Eit poeng hadde vore nok til å bli nummer to, men med tap var ein avhengig av at Åkra snubla heime mot Nord. Det gjorde dei ikkje, dermed to Karmøy-lag på toppen av tabellen i fjerdedivisjon avd. 2.

Rosseland på tredje og beste lag frå Jæren er i tråd med ambisjonene, men litt skuffande at laget ikkje stod distansen gjennom heile hausten.
Forklaringa ligg delvis i manglande uttelling. Etter at Sondre Hovland vart skada i semifinalen i Rogalandscupen, har ikkje Rosseland vunne ein einaste fotballkamp.

No venter ein fortent pause før ein ny, spanande sesong i sørpulja.

KAMPFAKTA

Foto: Marius Bøe

Foto: Marius Bøe

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.

Annonse