Annonse
Dryla.no

Sju strake etter ferien!

Peter Time greide ikkje å overlista Vard-keeperen på corner, men sistnevnte slapp inn ein direkte corner frå Truls Vagle.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Peter Time greide ikkje å overlista Vard-keeperen på corner, men sistnevnte slapp inn ein direkte corner frå Truls Vagle. Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland måtte slita for poenga mot eit friskt Vard-lag laurdag.

Publisert:

Sist oppdatert: 28.09.2024 kl 22:48

Rosseland opna best mot Vard-reservane. Dei oransje måtte gjer ein endring rett før kampstart då Sondre Hovland måtte kasta inn handkledet. Leander Egeland kom inn på kanten og Vetle Hovland tok spissplassen. Begge var sentrale i dei få sjansane Rosseland skapte før pause, mål vart det ikkje før midtvegs i omgangen.
Truls Vagle slo ein god corner som Vard-keeperen fomla inn i eige mål.
Heimelaget burde ha sett eit par til, spesielt på Kristen Reime sin store sjanse rett før pause.

Vard var ikkje ufarlege, men det var litt mot spelets gang då gjestene utlikna på ein kontring 20 minutt før slutt.
Utlikninga vekte Rosseland. To kjappe mål frå Vetle Hovland og Geir Dahle Høyland skapte ro og gjorde gjestene resignerte. Høyland skora sitt andre og Rosselands fjerde då han fastsette sluttresultatet til 4-1.

Eirik Skårland kom inn til sin A-lagsdebut, medan Even Aasen vart kåra til Rosselands beste.

Eirik Skårland spelte sin første A-kamp for Rosseland. Til vanleg er Skårland spiss på B-laget i sjettedivisjon.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Eirik Skårland spelte sin første A-kamp for Rosseland. Til vanleg er Skårland spiss på B-laget i sjettedivisjon. Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland har no vunne sju på rad etter sommerferien. No venter lokalderby mot Kåsen borte i serien før ein spanande semifinale i Rogalandscupen mot Vardeneset.

KAMPFAKTA

Anders Dahle Thorsen er tilbake frå skade og gjennomførte sin første 90-minutter på ei god stund på høgrebacken.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Anders Dahle Thorsen er tilbake frå skade og gjennomførte sin første 90-minutter på ei god stund på høgrebacken. Foto: Gunnar U. Stangeland

Einar Lye var tilbake etter karantene og ferie. Midtbanespelaren kom ikkje på skoringslista, men hadde to gode sjansar då han traff tverrliggar og nettveggen.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Einar Lye var tilbake etter karantene og ferie. Midtbanespelaren kom ikkje på skoringslista, men hadde to gode sjansar då han traff tverrliggar og nettveggen. Foto: Gunnar U. Stangeland

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.

Annonse