Annonse
Dryla.no

Imre og Rosseland vann brødreduellen

Ville Aune (t.v.) trudde ikkje storebror Imre Aune skulle bli speleklar til måndagens kamp. Leggskaden var ikkje verre enn at Imre spelte 64 minutt og skora før han hinka av banen.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Ville Aune (t.v.) trudde ikkje storebror Imre Aune skulle bli speleklar til måndagens kamp. Leggskaden var ikkje verre enn at Imre spelte 64 minutt og skora før han hinka av banen. Foto: Gunnar U. Stangeland

Veslebror Ville Aune var kaptein for eit ungt brynelag, men kom til kort mot storebror Imre og rutinerte rossalendingar.

Publisert:

Sist oppdatert: 23.04.2024 kl 13:55

Det tok berre 81 sekund før ballen låg i nota i nabooppgjeret på Aarbakkebanen. Etter flott kombinasjonsspel langs venstrekanten kunne Einar Lye spasera inn 0-1.

Dei oransje har vunne komfortabelt i dei siste innbyrdes oppgjera, men årets unge Bryne 2-lag ga seg ikkje etter den tidlege kalddusjen.
Faktisk stod laget godt i mot og skapte fleire gode sjansar til å utlikna.
Ein opplagd Oscar Gåsland storspelte som vanleg mot gamleklubben og hindra baklengs.

Då Truls Vagle måtte gje seg med skade, kom Jacob Beschel inn og gjorde manns jobb i midtforsvaret ved sidan av kaptein Peter Time.
Framover vart det mykje nesten for Reime, Apneseth, Hovland og Aune, men 1-0-leiing til pause var fortent nok.

Bryne 2 pressa på også etter kvilen. Det var nerve i kampen heilt til Imre Aune gjorde 0-2 midtvegs.
Heilt avgjort vart det ikkje før Kristen Reimes avslutning vart forlenga inn i mål av Sondre Hovland.
Vetle Apneseth fastsette resultatet til 0-4 etter flott flikk frå innbyttar Øyvind Braaten.

Rosseland står med full pott etter to lokalderby. No venter skarpskodde Haugalands-lag, kampane kjem tett framover.

Bryne 2 har fått ein tung start på sesongen, og står med eit poeng på tre kampar.

KAMPFAKTA

Jakob Berland var god i bryneforsvaret.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Jakob Berland var god i bryneforsvaret. Foto: Gunnar U. Stangeland

Vetle Apneseth var god sentralt og fekk si fortente skoring til slutt. I bakgrunnen er AD1, Kristian Tjemsland, som måtte dømma siste halvtime då hovuddommar Runar Andersen vart strekkskada.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Vetle Apneseth var god sentralt og fekk si fortente skoring til slutt. I bakgrunnen er AD1, Kristian Tjemsland, som måtte dømma siste halvtime då hovuddommar Runar Andersen vart strekkskada. Foto: Gunnar U. Stangeland

Nøkkelord

Annonse