Annonse
Dryla.no

Første seriesiger mot Bryne på 22 år

Kristen Reime avgjorde på mange måter kampen med to scoringer tidleg i første omgang.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Kristen Reime avgjorde på mange måter kampen med to scoringer tidleg i første omgang. Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland var nådelause i medvinden, kontrollerande i motvinden og hadde ein levande vegg i mål.

Publisert:

Sist oppdatert: 10.05.2023 kl 12:11

Rosseland tok turen over Hetlandsgata for første gong på 12 sesongar for å spela seriekamp. Bryne II gjekk ut høgt tempo mot dei ubeseira gjestene, men vart hardt straffa på kontringar.
Hurtigtoget Kristen Reime gjorde livet surt for Bryneforsvaret og Sem Aleksander Bergene, då han kontra inn 0-1 og 0-2 i løpet av opningskvarteret.

Stengde buret

Bakover, i motsatt ende, stengde Oscar Gåsland buret, og sørga for at gjestene leia til pause. Truls Vagle hadde sjansen til å auka til 0-3 rett før halvspelt omgang, men tidlegare lagkompis, Bergene, redda straffesparket på flott vis.

Kaptein Peter Aarrestad Time feirer etter si 3-0-scoring. Han spelte for Bryne II sist laga møttest i seriesamanheng i 2011.
 Foto: Even Sel

Kaptein Peter Aarrestad Time feirer etter si 3-0-scoring. Han spelte for Bryne II sist laga møttest i seriesamanheng i 2011. Foto: Even Sel

Kontrollert andreomgang

Ein fartsfull førsteomgang var avløyst av ein litt rolegare andre. Rosseland hadde meir ball etter kvilen og slapp ikkje heimelaget til føre mål.
Då Peter Aarrestad Time styrde inn ein ny corner med pannebrasken, for tredje kamp på rad, såg dei stadig yngre brynejuniorane ut til å mista motet.

Rosseland skapte fleire store sjansar, og fekk to scoringar annullerte for offside.
Eit par minutt før slutt fekk Bryne II sitt trøystemål, men sigeren var aldri truga.

MATCHVINNARAR: Oscar Gåsland, Peter Aarrestad Time og Kristen Reime var alle sentrale i sigeren mot Bryne II.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

MATCHVINNARAR: Oscar Gåsland, Peter Aarrestad Time og Kristen Reime var alle sentrale i sigeren mot Bryne II. Foto: Gunnar U. Stangeland

22 år sidan sist

Rosseland tok sin femte strake siger, den første i seriesamanheng på Bryne stadion mot Bryne II sidan 2001!
Blant dei mange gode eks-brynespelarane på Rosseland, utmerka Oscar Gåsland, Peter Aarrestad Time, Geir Dahle Høyland og Ola Selliken seg spesielt. Kristen Reime imponerte med fart og gode avslutningar og kunne hatt tre scoringar dei 45 minuttane han spelte. Herman Rasmussen herja på motsatt ving, og på topp dreiv ein annan tidlegare brynespiss,
Sondre Hovland, bryneforsvararane til vannvidd og skaffa mellom anna straffespark.

KAMPFAKTA

Andreas Aarrestad Time var god på høgrebacken mot Joaqhin Primstad Skullerud.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Andreas Aarrestad Time var god på høgrebacken mot Joaqhin Primstad Skullerud. Foto: Gunnar U. Stangeland

Aune tilbake

Even Aasen, Truls Vagle og Andreas Aarrestad Time, alle eks Bryne, utgjorde ein solid forsvarsfirer saman med kaptein Time.
Etter pause var Imre Aune tilbake i manesjen etter eit lengre utanlandsopphald.

Det er godt å ha fleire strenger å spele på når kampane kjem tett som hagl framover.
Fredag møter Rosseland EIK II, tirsdag kjem Varhaug på besøk.

Nøkkelord

Annonse