Klargjør siden...
Annonse
Dryla.no

Svein-Arne (37) gjorde comeback då sonen Marcus (14) skora i debuten

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Det er ein ny Mål-Monsen i emning! Marcus Monsen seriedebuterte med skoring i 5-0-sigeren over Klepp.

Publisert:

Sist oppdatert: 26.04.2025 kl 18:02

Rosseland tok oppskriftsmessig leiinga heime mot Klepp laurdag. Albert Tjåland var nådelaus då han fekk sjansen etter fem minutt.

Heimelaget skapte mykje, men sleit litt med å setja ballen i mål. Rett før pause ordna det seg då Jacob Berland fekk kjempetreff på det som kanskje var meint som eit innlegg.

I motvinden etter pause var heimelaget meir effektive. Kristen Reime utnytta ei svak klarering, medan Sondre Hovland ordna 4-0 på eigahand.

Tilløp til dramatikk vart det då Steffen Bolme bomma på ballen og stoppa ein kleppspeler på ulovleg vis som bakerste mann. Raudt kort og frispark i farleg posisjon. Reserve Anders Espeland heldt, på same måte som Bolme, buret reint, og sørga for ny smultring.

Comeback 1: Vetle Svalestad Hovland var endeleg tilbake for Rosseland. Hovland spelte siste halvtime saman med Gabriel Time og Eskil Tjåland.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Comeback 1: Vetle Svalestad Hovland var endeleg tilbake for Rosseland. Hovland spelte siste halvtime saman med Gabriel Time og Eskil Tjåland. Foto: Gunnar U. Stangeland

Svein-Arne Monsen fekk dei siste 20 minutta etter langt skadeavbrekk, og fekk også oppleva å dela speletid med sonen Marcus (14). Saman med lagkompis Samuel Yacob på G-15-laget, fekk Monsen jr. debuten i teljande kamp. Og han var ikkje snauare enn at han skora i seriedebuten! Einar Lye utnytta ein forsvarsfeil og ga den unge debutanten sjansen til å knappa innpå Svein-Arne sine 199 A-lagsmål.
5-0 og tre av tre sigrar mot lokale rivalar.

To mål-Monsar. Svein-Arne (37) og Marcus (14) som er konfirmant om to veker.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

To mål-Monsar. Svein-Arne (37) og Marcus (14) som er konfirmant om to veker. Foto: Gunnar U. Stangeland

Tysdag er det Rogalandscup mot Ålgård, før Riska og Bryne 2 venter i serien.

Comeback 2: Svein-Arne Monsen kom inn til sin A-kamp nr 408.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Comeback 2: Svein-Arne Monsen kom inn til sin A-kamp nr 408. Foto: Gunnar U. Stangeland

Godt oppmøte på den nye tribunen i vårsola.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Godt oppmøte på den nye tribunen i vårsola. Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.

Annonse