Annonse
Dryla.no

Varhaug vinnar i Time-duellen

Even Aasen spelte ein ny god kamp på venstrebacken for Rosseland, men kunne ikkje hindra at Frøyland og Kristoffer Kverneland utligna rett etter pause.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Even Aasen spelte ein ny god kamp på venstrebacken for Rosseland, men kunne ikkje hindra at Frøyland og Kristoffer Kverneland utligna rett etter pause. Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland rota nok ein gong vekk poeng mot Frøyland. Det er nok serieleiar Varhaug godt nøgde med.

Publisert:

Sist oppdatert: 23.09.2022 kl 22:05

Rosseland var klart best så lenge sola skein på Frøyland stadion. Laget spelte seg til fleire gode sjanser i første omgang, og var spesielt farlege på kontringar.
Sondre Hovland ordna fortent 1-0-leiing til pause.

Foto: Gunnar U. Stangeland

Foto: Gunnar U. Stangeland

Tamt etter pause

Etter kvilen, då sola var på veg ned og fukta la seg i graset, forsvann noko av intensiteten. Rosseland var upresise og veikare i duellane, Frøyland ville meir, og litt ut av ingenting stod det plutseleg 1-1.
Gjestene, som ikkje hadde vunne på Frøyland stadion på 31 år, var i ferd med å glippa sjansen igjen. Rett etter Frøyland-scoringa fekk Rosseland ein boost då banens beste, Sondre Hovland, vart stoppa på veg til opplagt scoringssjanse. Raudt kort, men frisparket frå 17 meter vart det ikkje noko av.

Makta ikkje å avgjere kampen

Frøyland forsvarte seg godt og skapte og eit par store sjansar med ti mann. Rosseland gjekk etterkvart litt tomme, og med ein del bytter og rokeringar forsvann litt av rytmen.

Kaptein Peter Time vart sendt fram på slutten og var nær ved å avgjer, men kampen enda 1-1. Eigentleg eit greit resultat kampen sett under eit.

Paul Ove Laland og Kai Ove Stokkeland var godt nøgde med første omgang, men måtte nok ein gong sjå poenga glippa i andre omgang mot Frøyland.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Paul Ove Laland og Kai Ove Stokkeland var godt nøgde med første omgang, men måtte nok ein gong sjå poenga glippa i andre omgang mot Frøyland. Foto: Gunnar U. Stangeland

Ny karantene

Poengtap hadde ikkje Rosseland råd til i kampen om KM-tittel og opprykk med berre fem kamper igjen av sesongen. Varhaug har no sjansen til å få fem poengs luke på tabellen. Neste torsdag venter ny tøff kamp mot tabellnabo Madla, den går utan Truls Vagle som fekk sitt sjette gule kort.

Annonse