Annonse
Dryla.no

Tok ansvar då tvillingbroren måtte hiva inn håndkledet

Vetle Hovland vart fora av lynvingen Kristen Reime i kampen og hjalp til med uttøying av krampe etterpå.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Vetle Hovland vart fora av lynvingen Kristen Reime i kampen og hjalp til med uttøying av krampe etterpå. Foto: Gunnar U. Stangeland

Vetle Svalestad Hovland scora to og bidrog sterkt til cupavansement.

Publisert:

Rosselands faste nr 9, Sondre Hovland, var sjuk og kom seg ikkje på beina til den første kvalifiseringskampen til NM. Dermed måtte tvillingbror Vetle Hovland vikariera som midtspiss, ei rolle "poteta" tok på strak arm.

Ein halv time ut i kampen sendte han gjestene i leiinga etter eit flott forarbeid av Kristen Reime, som drog seg fri og la inn frå høgre.
Vetle og Sondre har tradisjonar når det kjem til NM. Tvillingbrørne er saman med Svein Arne Monsen av dei få som har scora for Rosseland i ordinær NM-runde. Vetle scora 1-3 mot Viking i 2022, medan Sondre netta 1-1 mot Bryne i 2023.

På Frøyland vart gleda av å scora kortvarig, då Peter Aarrestad Time var uheldig å heada over sin eigen utrusande keeper. 1-1 og Frøyland fekk skikkeleg fart på ting etter ulikninga.

Heimelaget var svært nære fleire scoringar i første omgang, etter pause fekk dei uttelling. Anders Haugen fekk tid og rom etter eit corner og heada kontrollert i mål frå 5-6 meter.

Corner og dødball har og våre ein suksess for Rosseland dei siste åra, så det var ikkje heilt tilfeldig då utlikninga kom etter 63 minutt. Den gode, gamle oppskrifta med flott legg frå Truls Vagle til Peter Times hovud fungerte igjen så lenge Vetle Hovland var på plass å sette nedfallsfrukta i mål. 2-2!

Kampen bølga og begge lag kom til sjansar, men det var Rosseland som fekk det avgjerande målet. Ei flott kontring med fine kombinasjoner vart avslutta av innbyttar Vetle Apneseth, 2-3!

Innbyttar og matchvinnar Vetle Johannesen Apneseth i fint driv.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Innbyttar og matchvinnar Vetle Johannesen Apneseth i fint driv. Foto: Gunnar U. Stangeland

Litt kok i slutten, men Rosseland sikra avansement til andre kvalifiseringsrunde for tredje år på rad. Torsdag får dei oransje vite kven som blir siste hinder før ein eventuell historisk 1. runde for tredje år på rad.

Spent på sidelinja. Kai Ove Stokkeland og resten Rosseland-benken sat ikkje roleg i sluttminutta.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Spent på sidelinja. Kai Ove Stokkeland og resten Rosseland-benken sat ikkje roleg i sluttminutta. Foto: Gunnar U. Stangeland

Til andre kval. runde er forhåpentlegvis Sondre Hovland tilbake for å avlasta tvillingbroren som midtspiss.

KAMPFAKTA

Ei viktig brikke mangla i startelleveren mot Frøyland.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Ei viktig brikke mangla i startelleveren mot Frøyland. Foto: Gunnar U. Stangeland

Annonse