Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Feiring på Frøyland stadion! Kaptein Peter Aarrestad Time jublar etter ny siger, i fjor endte begge oppgjera uavgjort. Foto: Gunnar U. Stangeland
Tre målscorarar med aner frå "Den Grøna Bygdå" kom på skoringslista då Rosseland fossa over Frøyland.
Publisert: 11.04.2025 kl 10:06
Den første kampen på skikkeleg naturgras var litt som kuslepp på Undheim - våryre aktørar med famlande steg og ukontrollert motorikk. Hovuda ville meir enn beina på Frøyland stadion, og pasningskvaliteten var i beste fall unøyaktig.
Det tok ein liten omgang før timinga var på plass. Då hadde kaptein Peter Aarrestad Time allereie stanga inn 1-0 til gjestene.
Andre omgang vart meir fotballkamp. Rosseland vart meir nøyaktige og skapte fleire sjansar. Albert Braut Tjåland ordna 2-0 på lekkert vis, innbyttar Eskil Tjåland avslutta kampens finaste angrep til 3-0.
Eskil Tjåland kom inn i andre omgang og skora eit praktmål! Foto: Gunnar U. Stangeland
I forsvaret til Rosseland imponerte Jarle Madland mest som midtstoppar, framover på bana var brystkassa til Albert Tjåland framtredande. Tre mål på to seriekampar lover godt for det som skal skje etter ein lengre påskepause.
Det unge Frøyland-laget hadde skuffande lite å by på og har fått ein tøff start på sesongen.
Undheimskarar: I tillegg til dei tre målscorarane spelte Einar Tunheim Lye og Leander Egeland ei viktig rolle på midtbana til Rosseland. Som dei tre Time-brørne har dei begge opphav frå Undheim. Foto: Gunnar U. Stangeland
Nøgd: Kai Ove Stokkeland hadde grunn til å smila etter to seks poeng på tre dager mot lokale rivaler. Foto: Gunnar U. Stangeland
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.