Sommarvikar frå Undheim/New York

Einar T. Lye stortrivst i den raude St. John´s drakta. Torsdag ikler han seg den oransje Rosseland-drakta mot Kopervik. Foto: Privat
Einar Tunheim Lye er Rosseland-spelar!
Publisert: 25.05.2022 kl 19:10
Sist oppdatert: 25.05.2022 kl 19:42
Det er sommerferie på universitetet i New York og Einar Tunheim Lye er heime i tre månadar. Undheimskaren med nesten 50 kamper for Bryne sitt A-lag har dei siste sesongane spelt collegefotball for St. John´s University i New York.
Klar for Rosseland
Denne veka signerte Einar for Rosseland Ballklubb og ser fram til å halda seg i form i fjerdedivisjon dei neste månadane.
- Collegesesongen er kort og intens, det er viktig å halda seg i form og vera forberedt på ein hard sesong. Eg gler med til å bidra for Rosseland og har fått eit godt inntrykk av klubben og trenarane, sier Einar Tunheim Lye.
Med mot Kopervik
Lye, som og trente litt med Rosseland i vinter, er klar for spel allereie når dei oransje møter Kopervik borte Kr. Himmelfartsdag.
- Målet er å innta tabelltoppen etter den kampen og så vera der så lenge som mogleg, sier den offensive midtbanespelaren.
Stortrivst
Einar Tunheim Lye er potensielt aktuell for dei neste ni kampane for Rosseland.
- Kopervik (b)
- Frøyland (h)
- Madla (b)
- Tasta (h)
- Skjold (b)
- Klepp (h)
- Varhaug (h)
- Lura (b)
- Nord (b)
Den 14. august går turen etter planen tilbake til New York kor den høgreiste lysluggen stortrivst.
- Eg har det godt i USA, både på og utanfor banen - men no er det Rosseland og sommerjobb som gjeld dei neste tre månadane.