Annonse
Dryla.no

Maktdemonstrasjon mot Bryne FK-reservane

God stemning i garderoben etter å ha banka brynerekruttane med den største marginen i seriesamanheng nokonsinne.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

God stemning i garderoben etter å ha banka brynerekruttane med den største marginen i seriesamanheng nokonsinne. Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland tok sin største seriesiger nokonsinne mot Bryne II.

Publisert:

Sist oppdatert: 22.09.2023 kl 10:17

Det manglar vanlegvis ikkje på motivasjonen når Rosseland møter dei nest beste i naboklubben på andre sida av Hetlandsgata. Samtlege har erfaring frå Bryne FK, mange har blitt vraka eller ikkje blitt satsa på.
Motivasjonen virka som rein adrenalin mot Bryne II denne torsdagen. Heimelaget gjekk ut i hundre og auka for kvart minutt til klokka hadde passert halvspelt omgang. Då stod det 5-0 på lystavla!

Rosseland si løperrekkje parkerte Obosliga-backane og leika med det unge midtforsvaret. Dei var raskast i løpsduellar, høgast i luftduellar og milimeterpresise i avslutningane.
Hovland-tvillingane Sondre og Vetle stod bak 1-0. Vetle serverte eit utsøkt innlegg frå høgrebacken, Sondre styrte ballen i mål med hovudet på bakre stolpe.
Hurtigtoget Kristen Reime scora to Bryne II i vår og sette sitt tredje på vakkert vis mot gamleklubben torsdag.
Einar Lye si 3-0-scoring var ein stjernestreff på volley på Truls Vagle sitt hjørnespark.
Lye har ei rekkje kamper for Bryne sitt A-lag, Geir Dahle Høyland har endå fleire. Mot favorittklubben viste han ingen nåde. 4-0, 5-0 og 6-1 ga veteranen hattrick, tre skikkelege spissmål for midtbanespelaren som har vore ute med skade den siste tida.

KAMPFAKTA

Superveteran Svein Arne Monsen fekk æren av å fastsetja resultatet til 7-1, også det på corner.

Vetle Hovland, som scora begge måla som spiss mot SIF sist, gjorde ein ny kjempekamp mot Bryne II. Frå høgrebacken leverte kapteinen tre målgivande pasningar!
Ved sida av Hovland i det nykomponerte forsvaret, gjorde både Truls Vagle, Andreas Time og ikkje minst Jarl Henning Nilsen manns jobb. Bakerst stod Anders Espeland ein kjempekamp, sjølv om det glapp litt då Bryne 2 fekk eit trøstemål på direkte frispark.

Dei oransje har ikkje hatt for vane å slå Bryne II, sigeren i vår var den første på 22 år. Rosseland har aldri tidlegare vunne med seks mål mot Bryne-rekruttane (rekorden var tidlegare på 5-2 frå 1998). Sidan laga møttest for første gong i 1991 er det berre andre gong Rosseland vinn som heimelag.

Samstundes som Rosseland banka Bryne II, tapte topplaget Sola borte mot Vardeneset. Rosseland og Varhaug er no to poeng bak serieleiaren med ein kamp til gode.

God stemning i garderoben etter å ha banka brynerekruttane med den største marginen i seriesamanheng nokonsinne.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

God stemning i garderoben etter å ha banka brynerekruttane med den største marginen i seriesamanheng nokonsinne. Foto: Gunnar U. Stangeland

Med Oscar Gåsland og Jarle Madland i Nordsjøen, Even Aasen på sjukelista og Peter Time på reisefot, måtte forsvarsfireren rekomponerast mot Bryne II.

Med Oscar Gåsland og Jarle Madland i Nordsjøen, Even Aasen på sjukelista og Peter Time på reisefot, måtte forsvarsfireren rekomponerast mot Bryne II.

Anders Hognestad (bildet), Jacob Beschel, Kristian Wickstrøm og Svein Arne Monsen kom inn til sjarmørettappen i andre omgang. Med 5-0 til pause vart det aldri den heilt store spenninga dei siste 45.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Anders Hognestad (bildet), Jacob Beschel, Kristian Wickstrøm og Svein Arne Monsen kom inn til sjarmørettappen i andre omgang. Med 5-0 til pause vart det aldri den heilt store spenninga dei siste 45. Foto: Gunnar U. Stangeland

Geir Dahle Høyland scora tre mot Bryne II torsdag. Høyland sitt andre hat trick i seriesamanheng, det første sidan kampen mot Nærbø i 2021.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Geir Dahle Høyland scora tre mot Bryne II torsdag. Høyland sitt andre hat trick i seriesamanheng, det første sidan kampen mot Nærbø i 2021. Foto: Gunnar U. Stangeland

Nøkkelord

Annonse