Annonse
Dryla.no

Sleit mot brynejuniorane

Kompisane Leander Egeland og Sem Bergene takkar kvarandre for kampen etter ein uvanleg tett batalje mellom det nest beste og tredje beste laget på Bryne. 16-åringen Martin Åmot Lye (t.h) spelte sin første seniorkamp frå start og var saman med Marius Matningsdal bortelagets beste.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Kompisane Leander Egeland og Sem Bergene takkar kvarandre for kampen etter ein uvanleg tett batalje mellom det nest beste og tredje beste laget på Bryne. 16-åringen Martin Åmot Lye (t.h) spelte sin første seniorkamp frå start og var saman med Marius Matningsdal bortelagets beste. Foto: Gunnar U. Stangeland

Etter ei rekkje enkle trepoengarar mot Bryne II, fekk Rosseland kam til håret laurdag.

Publisert:

Sist oppdatert: 31.08.2024 kl 22:57

Dei unge brynerekruttane hadde mykje ball, men sleit med å spela seg til sjansar på Rosselandsbanen. Heimelaget var langt meir direkte i spelestilen, men svikta føre mål i første omgang.

Etter pause blei det nettkjenning då Even Aasen på forunderlegvis heada ballen i eige mål, 1-0 til Bryne.

Rosseland heldt roen og fekk ei fortent utlikning. Einar Lye var sist på ballen etter ein kanonade på dødball.

Sigersmålet var av det heldige slaget. Ein brynestoppar var uheldig då han brukte handa i eige straffefelt. Truls Vagle var som vanleg iskald på straffemerket. 2-1!

KAMPFAKTA

Bryne prøvde seg mot slutten, og hadde ein verkeleg stor målsjanse. Kristen Reime brukte dei siste kreftene og takla i siste liten, dermed enda kampen med knepen heimesiger.

Rosseland tok sin tredje strake siger etter sommarferien. Neste oppgåve er mot formlaget Kopervik laurdag om ei veke.

Einar Lye og Vetle Hovland var heimelagets beste på ein dag der heimelaget var litt avventande og daffe. Tre poeng på ein middels dag er bra!

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.

Annonse