Annonse
Dryla.no

Legenden takka av med bluss og uavgjort

Heidra med bluss. Rosseland gjorde, poengmessig, sin beste sesong i 4. divisjon nokonsinne.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Heidra med bluss. Rosseland gjorde, poengmessig, sin beste sesong i 4. divisjon nokonsinne. Foto: Gunnar U. Stangeland

Det vart ikkje opprykk, men Rosseland sikra andreplassen då dei snudde 1-3 til 3-3 mot Vardeneset.

Publisert:

Sist oppdatert: 11.11.2023 kl 00:06

Heimelaget måtte gjere mange endringar frå laget som tapte mot Sola sist. Karantener, sjukdom og jobb gjorde at Kai Ove Stokkeland måtte stokke om i alle lagdelar mot Vardeneset.

Heimelaget var uvant tamme i duellane, og løpsmaskinen Ola Selliken var sterkt sakna på midtbana.
Vardeneset var som venta tunge på dødball og gode i bakrom, Tasta-laget straffa Rosseland hardt før pause. Ei perle frå Kristen Reime reduserte for heimelaget, men dei oransje var uvanleg ineffektive på eige kunstgras.

Maskottar i siste seriekamp.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Maskottar i siste seriekamp. Foto: Gunnar U. Stangeland

Med 1-3 hadde Rosseland ein tung jobb etter kvilen, men laget jobba seg sakte men sikkert inn i kampen. Andreas Aarrestad Time sette inn 2-3, medan banens beste Kristen Reime sørga for balanse.

Einar Lye krangla inn 4-3, men dommeren annullerte til stor undring frå dei fleste på og utanfor banen.

Dermed endte årets siste kamp med 3-3 og uavgjort mot eit ganske bra Vardeneset-lag. Rosseland er ubeseira på eige kunstgras denne sesongen og kunne feire at begge sesongmåla vart innfridd; 1. runde i cupen og ein betre tabellplassering enn året før.

Edvard Rasmussen er ferdig i millitæret og kom inn til sin første kamp for året - i årets siste kamp.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Edvard Rasmussen er ferdig i millitæret og kom inn til sin første kamp for året - i årets siste kamp. Foto: Gunnar U. Stangeland

KAMPFAKTA

Sluttabellen 2023

Sluttabellen 2023

Det er berre å gle seg til ein ny sesong i fjerdedivisjon, kanskje blir målet ein endå høgare plass på tabellen neste år?

2024-sesongen blir utan Jan Rune Hoff. 34-åringen spelte sin 358. og siste kamp fredag, det er berre Sigval Bryne, Kurth Gausland og Svein Arne Monsen som kan skilte med fleire A-kamper for dei oransje.
Jan Rune har vore ein stødig høgreback i 16 sesongar, ein kjernekar på og utanfor banen og ein flott representant for Rosseland Ballklubb i alle høve. Hoffasen vil bli sakna på bana og i garderoben, no startar jobben med å fylgja opp unge Hoffasar. Kanskje får me sjå ein ny #2 Hoff om nokre år.

Jan Rune Hoff inn til sin 358. og siste Rosseland-kamp.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Jan Rune Hoff inn til sin 358. og siste Rosseland-kamp. Foto: Gunnar U. Stangeland

Høgrebacken takkar av etter 16 sesongar på A-laget.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Høgrebacken takkar av etter 16 sesongar på A-laget. Foto: Gunnar U. Stangeland

Veteranen, Jan Rune Hoff, har vore med på to opprykk og to nedrykk med Rosseland. Ein sesong i tredje, ein i femte og 14 sesonger i 4. divisjon.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Veteranen, Jan Rune Hoff, har vore med på to opprykk og to nedrykk med Rosseland. Ein sesong i tredje, ein i femte og 14 sesonger i 4. divisjon. Foto: Gunnar U. Stangeland

Annonse