Annonse
Dryla.no

Morten Eriksen skapte trøbbel for RBK-forsvaret

Rosseland slo tilbake to gonger og tok poeng mot Vardeneset. Mykje godt angrepsspel i årets første seriekamp på eige kunstgras.

Publisert:

Sist oppdatert: 19.05.2022 kl 12:44

Heimelaget fauk ut av blokkene og skapte to enorme målsjanar i løpet av dei første minutta. Først var Sondre Hovland åleine med keeper, deretter traff Geir Dahle Høyland tverrleggeren frå direkte frispark.
Heimelaget ville hatt straffe, men dommeren drog frisparket utanfor straffefeltet.

Kai Ove Stokkeland starta med dei same elleve mot VBK som mot Djerv 1919 2 mandag.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Kai Ove Stokkeland starta med dei same elleve mot VBK som mot Djerv 1919 2 mandag. Foto: Gunnar U. Stangeland

Eriksen-trøbbel

Bakover hadde dei oransje stort sett kontroll, men då Morten Eriksen sette fart mot bakrommet sleit RBK-stopparane med å henga med. Storscoraren gjekk i bakken i møtet med Sem Bergene - straffespark og 0-1 etter seks minutt.

Flott angrepsspel

Det gjekk berre seks nye minutt før heimelaget var tilbake i kampen. Nydeleg angrepsspel vart avslutta på flott og heldig måte av Leander Egeland.
Rosseland kjørte kampen etter dette, både Kristen Reime og Leander Egeland var nære 2-1. I staden sette VBK og Morten Eriksen fart forbi RBK-forsvaret. 1-2 mot spelets gang.

Rosseland - Vardeneset 2-2
Scoringer fra kampen.

Nok ein gong responderte heimelaget. Banens beste, Sondre Hovland, dundra ballen forbi VBKs sisteskanse og laga var like langt til pause.

Tammare andreomgang

Andre omgang vart langt mindre velspelt og fartsfyllt som den første, men heimelaget skapte nok sjansar til å vinna kampen.
VBK fekk og eit par store gratissjansar og kunne teke med seg alle poenga heim til Tasta. Gjestene fekk i staden eit stormløp mot seg i sluttminutta og fekk sjå kapteinen utvist heilt på tampen av oppgjeret.

17-åringen Leander Egeland leverte ein ny god kamp på høgrekanten for Rosseland. Etter 57 minutt bytta han med Imre Aune.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

17-åringen Leander Egeland leverte ein ny god kamp på høgrekanten for Rosseland. Etter 57 minutt bytta han med Imre Aune. Foto: Gunnar U. Stangeland

Fire poeng på to kamper

2-2 og fire poeng på to kampar er ein ok start for begge lag. Både Rosseland og VBK er gode nok til å kjempa på øvre del av tabellen denne sesongen.
No venter ei vekes pause for Rosseland før fleire Stavanger-lag står for tur. 9. mai er det bortekamp mot Vidar 2, 19. mai kjem Viking på besøk til cupoppgjer.

Annonse