Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Strålande vårver og nesten 300 tilskodarar danna bakteppe for cupavansementet. Foto: Gunnar U. Stangeland
Madla var nok favorittar på førehand, men tredjedivisjonslaget frå Stavanger var aldri i nærleiken av cupavansement. Til det var Rosseland for gode.
Publisert: 15.03.2025 kl 17:05
Sist oppdatert: 17.03.2025 kl 12:41
Etter eit visst Madla-press dei første minutta, var det heimelaget som dominerte på Rosselandsbanen. Hurtige angrepsspelarar stressa gjestene, og Geir Dahle Høyland kunne enkelt setja inn 1-0 etter retur ti minutt ut i kampen.
Dei omlag 250 frammøtte venta at Madla skulle slå tilbake, men det kom aldri nokre store sjansar frå dei blåkledde. 1-0 til pause var fullt fortent, men leiinga kunne vore større ut frå antall målsjansar.
Etter pause tok Rosseland betre vare på sjansane. Medan fleire forsvarar kava med å leggja kaptein Aarrestad i bakken, fekk Sondre Hovland gå opp fritt og heada Truls Vagle sin presise dødball i mål. 2-0!
Foto: Gunnar U. Stangeland
Madla kom ettarkvart meir med i kampen og fekk blod på tann då eit langskot sneik seg inn i hjørnet. Men Rosseland svara umiddelbart. Geir Høyland fann Vetle Apneseth på venstrevingen. På lekkert vis drog han seg fri og la ballen i lengste hjørne, 3-1!
Kristen Reime var i storform, spesielt før pause laga han mykje trøbbel med farten sin. Foto: Gunnar U. Stangeland
Heimelaget hadde god kontroll i 85 minutt, så vart det litt kaos på slutten. Eit utspel frå keeper havna plutseleg i beina til Ali Memed, som fekk ein enkel jobb med å redusera. Reduseringa vart kun eit skremmeskot for heimelaget, sjølv om Rosseland måtte finna fram kynismekortet for å få tida til å gå i tilleggstida.
3-2 slutt! Foto: Gunnar U. Stangeland
3-2 og eit fortent avansement til den andre kvalikrunden i NM. Rosseland var langt betre enn Madla i store deler av kampen. Nykomar Olav Aske spelte ein stor kamp på høgrebacken, medan Geir Dahle Høyland noterte seg skoring og assist som offensiv midtbanespelar.
Rosseland er i andre kvalikrunde i NM for fjerde år på rad! Sigeren over Madla var den første sidan 2010, då Rosseland vann borte og heime.
Albert Braut Tjåland erstatta målskorar Sondre Hovland midt i andre omgang. Foto: Gunnar U. Stangeland
Olav Aske var ein av Rosseland sine beste mot Madla. Foto: Gunnar U. Stangeland
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.