Annonse
Dryla.no

Første serietap sidan oktober

Einar Lye og Vetle Hovland spelte ein god kamp mot Madla.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Einar Lye og Vetle Hovland spelte ein god kamp mot Madla. Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland tapte for eit betre lag borte mot Madla torsdag.

Publisert:

Sist oppdatert: 30.06.2022 kl 11:30

Etter seks serierunder utan tap, kom den første smultringen borte mot opprykksfavoritt Madla.
Gjestene stod godt i mot i ein tidvis jevn førsteomgang, og hadde et par gode sjansar til å ta leiinga.
Madla hadde og sine sjansar, Sem Aleksander Bergene storspelte bakerst hjå Rosseland.

Kai Ove Stokkeland og kaptein Peter Aarrestad Time var nøgde etter ein god og intens førsteomgang. Etter kvilen var ikkje laget på frå start.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Kai Ove Stokkeland og kaptein Peter Aarrestad Time var nøgde etter ein god og intens førsteomgang. Etter kvilen var ikkje laget på frå start. Foto: Gunnar U. Stangeland

Passivt etter pause

Etter kvilen hadde ikkje Rosseland same intensitet og guts som dei siste 40 i første omgang. Dei oransje stod ganske passivt og såg på då heimelaget tråkla seg fri på høgrekanten. Rosseland-spelarane var utspelte og blokkeringa frå Svein Arne Monsen gjekk i eige mål berre tre minutt ut i omgangen.

Hattrick sist

Rosseland hadde ikkje møtt Madla sidan opprykkssesongen 2010 i seriesammenheng. Nettopp Svein Arne Monsen scora tre då Rosseland banka Madla på ISS-banen for 12 år sidan.

Heva seg

Baklengsmålet tente Rosseland-spelarane og laget satsa litt meir framover for å få utlikninga. Det gjekk ikkje mange minutt før det ga uttelling. Eit godt frisparkinnlegg frå Truls Vagle gjekk over alle og inn i målet. 1-1!

Truls Vagle si utligning var eit frisparkinnlegg som gjekk rett i mål. Her feires det.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Truls Vagle si utligning var eit frisparkinnlegg som gjekk rett i mål. Her feires det. Foto: Gunnar U. Stangeland

God Bergene

Madla var ikkje ufarlege. Den ballsikre opprykksfavoritten kom mykje rundt på kantane og Preben Erland prøvde skotfoten både titt og ofte. Bergene rydda opp i det meste og var gjestene sin klart beste speler torsdag.
Ti minutt før slutt måtte sjølv Bergene melde tapt. Eit skot, som nok var på veg utanfor målet, traff Peter Time i ryggen, og trilla inn i det tomme målet til stor jubel frå heimelaget.

Nevnte Time vart sett fram på topp for å jakta ny utlikning og kapteinen kunne redda eit sterkt poeng åleine med Madla-keeperen på overtid. Keeperen redda skotet og to poeng for Madla, Rosseland måtte reisa tomhendte heim.

Frispark rett før slutt
Geir Høyland prøvde børsa på overtid, etter at Einar Lye hadde skaffa frispark på ca. 18 meter.

God Lye

På Rosseland utmerka spesielt Einar Lye pg Vetle Hovland seg positivt blant utespelarane.
Isolert sett spelte vel kanskje heile laget opp mot årsbeste, men det heldt altså ikkje til poeng mot eit godt heimelag.

Sondre Hovland og Peter Time var tilbake i startelleveren mot Madla. Aasen og Selliken mangla frå sist kamp mot Frøyland.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Sondre Hovland og Peter Time var tilbake i startelleveren mot Madla. Aasen og Selliken mangla frå sist kamp mot Frøyland. Foto: Gunnar U. Stangeland

Tre kamper før ferie

No venter Tasta heime, Skjold borte og Klepp heime før ein velfortjent fotballpause i juli.
Antall seriekamper utan tap endte dermed på ti kamper. Varhaug borte (29. oktober 2021) var førre gong Rosseland gjekk poenglause av banen.

Nøkkelord

Annonse