Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Foto: Gunnar U. Stangeland
Måla rann inn i heimekampen mot Skjold.
Publisert: 14.10.2022 kl 21:55
Sist oppdatert: 15.10.2022 kl 11:35
Bortelaget frå Grinde hadde mest å spele for i fredagens kamp på ein dyvåt Rosselandsbane. Skjold treng nokre fleire poeng for å vera heilt sikre på fornya kontrakt i fjerdedivisjon og opna best.
Etter 13 minutt feilvurderte RBK-forsvaret stussen i det våte kunstgraset og plutseleg var ein Skjold-spelar åleine med keeper. Sem Aleksander Bergene har vist storform i det siste og lot seg ikkje lure denne gongen heller. Ein flott beinparade sette i staden i gang ei Rosseland-kontring. Ballen gjekk inn til keeperen i motsett ende, men etter ein glipp havna ballen i beina til Vetle Hovland. Frå 20 meter løfta han ballen i tomt mål og heimelaget tok leiinga.
Skjold hadde eit par gode sjanser til å svare, men då Håkon Mannsåker måtte på legevakta med kragebeinsskade gjekk litt av lufta ut av gjestene. Rosseland fossa på i takt med regnet. Peter Aarrestad Time fekk tre sjanser på corner. På det tredje forsøket kunne ikkje kapteinen bomma frå to meters hald. 2-0. Jarle Madland smalt inn 3-0 like etter, medan Anders Hognestad var på rett plass og sette inn 4-0 like før pause.
God stemning under tak på 6-0. Foto: Gunnar U. Stangeland
Kampens flottaste mål kom rett etter kvilen. Truls Vagle fann Sondre Hovland med ein flott pasning i bakrom. Hovland tok ned og dempa på spektakulært vis før han sette inn 5-0 åleine med keeper. Hovland og Vagle var og sentrale bak Rosselands siste scoring. Hovland vart meid ned i straffefeltet, Vagle var sikker på straffe for andre kamp på rad. 6-0-siger!
God stemning etter ny smultring bakover. Banens besten, Sem Aleksander Bergene, med kaptein Peter Aarrestad og midtstoppervikar Truls Vagle. Foto: Gunnar U. Stangeland
I ein annan kamp i divisjonen vann Madla 4-2 over Frøyland. Stavanger-laget er dermed i førersetet i kampen om opprykk til tredjedivisjon. Madla rykker opp med siger i sine tre siste kamper mot svakt plasserte Nord, Tasta og Skjold.
For Rosseland gjenstår det no berre to kamper av sesongen. To høgdepunkt i kjekke lokaloppgjer mot Klepp og Varhaug.
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.