Annonse
Dryla.no

Apneseth lekte seg i Grinde

Rosseland slo Skjold 3-0 borte på årets varmaste dag. Vetle Apneseth storspelte og var involvert i alle måla.

Publisert:

Sist oppdatert: 16.08.2022 kl 12:45

Rosseland reiste nordover utan ein del av den vanlege startelleveren. Hovland-brørne var igjen heime, Svein Arne Monsen stod over, Kristen Reime var på ferie. Dette ga plass til andre i Rosseland-angrepet, og dei oransje stilte med eit ungt mannskap til årets einaste graskamp.
Leander Egeland (18), Imre Aune (18) og Vetle Apneseth (18) danna angrepsrekkje samen med meir rutinerte Einar Tunheim Lye (24), Skjold-forsvaret fekk nok å gjere.

Desse elleve starta mot Skjold. På benken sat Espen Klovning Hansen, Edvard Rasmussen, Isak Elamari og Marius Særheim.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Desse elleve starta mot Skjold. På benken sat Espen Klovning Hansen, Edvard Rasmussen, Isak Elamari og Marius Særheim. Foto: Gunnar U. Stangeland

Ny straffeskyttar

På det uvante underlaget tok det ei stund før Rosseland fann føtene. Heimelaget la seg bakpå og slo langt. I det tiande minuttet løsna det for gjestene. Vetle Apneseth drog seg forbi ein forsvarer på venstresida inn i straffefeltet, forsvaren måtte fella lysluggen for å hindra mål. Straffe!
I Svein Arne Monsens fråver fekk Truls Vagle sjansen frå merket. 0-1, utagbart for Skjolds gode keeper Jomar Skurnes.

Ti minutt seinare var Apneseth på farten igjen, denne gong frå høgrekanten. Innlegget vart delvis blokkert, men ein merksam Leander Egeland var på rett plass og dundra 0-2 i nettaket.

Even Aasen spelte ein ny god kamp på venstrebacken.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Even Aasen spelte ein ny god kamp på venstrebacken. Foto: Gunnar U. Stangeland

Nedkjøling

Med 2-0-leiing og 29 grader på stokken gjekk litt av piften ut av kampen. Skjold makta ikkje å springa etter ballen og Rosseland kunne trilla bak i fleire minutt. Etter vannpausen midtvegs kom heimelaget litt meir med, men det var fullt fortent at Rosseland gjekk til pause med 0-2.

Med 29 grader i lufta måtte laga ha to nedkjølingspauser i den nest siste kampen før sommerferien.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Med 29 grader i lufta måtte laga ha to nedkjølingspauser i den nest siste kampen før sommerferien. Foto: Gunnar U. Stangeland

Sjølv om Rosseland i stor grad kontrollerte andre omgang, var det nokre tilløp til Skjold-sjanser i starten av omgangen. Laget tok eit par kontringar og var halvfarlege på dødball, men Sem Bergene tok seg av det som var av avslutningar på mål.

Kai Ove Stokkelands kampplan fungerte mot Skjold. No står laget hans med ni poeng og null innslupne på tre kamper i nordfylket.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Kai Ove Stokkelands kampplan fungerte mot Skjold. No står laget hans med ni poeng og null innslupne på tre kamper i nordfylket. Foto: Gunnar U. Stangeland

Frå eigen banehalvdel

Banens gigant, Vetle Apneseth, hadde og ein roleg start på andre omgang. Då avstandane auka og sletne Skjold-feil juksa med returløpa vart det gode arbeidsforhold for nr 16. Ved to høve fekk Apneseth driva frå eigen banehalvdel og heilt fram til Jomar Skurnes i Skjold-målet. Ved første høve ga Vetle ballen vidare til innbyttar Edvard Rasmussen som ikkje tok vare på sjansen. På det andre forsøket avslutta Apneseth sjølv. 0-3!

Ubeseira på tre i nordfylket

Rosseland hadde sjansar til å vinna meir, men var like opptekne av å halda nullen borte mot Skjold. Godt forsvarspel og ein god kampplan sørga for at Bergene framleis har null baklengs i nordfylket denne sesongen.
No venter lokalderby mot Klepp på heimebane før ein velfortent ferie står for tur.

Leander Seland Egeland spelte ein god kamp på høgrekanten, men fekk ein smell i hovudet etter ca. ein time. Her gjer han plass til Edvard Rasmussen.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Leander Seland Egeland spelte ein god kamp på høgrekanten, men fekk ein smell i hovudet etter ca. ein time. Her gjer han plass til Edvard Rasmussen. Foto: Gunnar U. Stangeland

Nøkkelord

Annonse