ANNONSE
Annonse
Dryla.no

Valsa over Tasta

Kristen Reime spelte ein ny god kamp på høgrekanten og sette 2-0 tidleg i første omgang. Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland tilbake på sigerstoget etter to kamper med poengtap.

Dryla.no
Dryla

Publisert:

Sist oppdatert: 01.07.2022 kl 17:11

ANNONSE
Annonse
ANNONSE
Annonse

Det vart aldri spesielt spanande då Tasta møtte Rosseland for første gong på 19 sesonger. Stavanger-laget var aldri i nærleiken av eit revansjesugent heimelag og måtte sjå fem baller i eige nett.

Rosseland starta målfesten allereie etter eit minutt då Vetle Apneseth lobba ballen over keeper og inn i tomt mål.
Kristen Reime auka til 2-0 før Apneseth var på farten att og smalt ballen i nettaket etter ein dryg halvtime.

Vetle Apneseth skora to i første omgang og vart kåra til banens beste mot Tasta. Isak Elamari (t.v.) er tydeleg imponert av kompisen. Foto: Gunnar U. Stangeland

Sjølvmål

Gjestene skapte lite framover, men me noterte eit skot på mål og ein halvsjanse etter corner.

Ettet kvilen gjekk det berre tre minutter før det stod 4-0. Tasta-forsvaret hang ikkje med, midstopparen var uheldig og sette blokkeringa i eige nett.

Even Aasen og Imre Aune var tilbake i startelleveren mot Tasta.

Straffemiss

Sondre Hovland fullbyrda målshowet då han vart flott sett opp av Svein Arne Monsen midtvegs i omgangen. Åleine med keeper gjorde Hovland det Monsen ikkje greide minutter seinare - å setja ballen i mål.
Monsen sette eit straffespark rett på keeper like etter scoringa, kampen enda dermed 5-0. (Det vart 6-0-siger sist laga møttest i serien.)

Straffen frå Svein Arne Monsen vart redda av Necmeddin Göcmen, men skulle strengt tatt blitt teke på nytt då Tasta-keeper stod eit godt stykke ut frå streken då Svein Arne Monsen sette foten på ballen. Foto: Gunnar U. Stangeland

Fire av fem scoringer fra seriekampen.

Seks bytter

Etter to tøffe kampar nytta Kai Ove Stokkeland høve til å rotera og gje mykje speletid til mange. I det 58. minuttet bytta han like godt inn alle dei seks utespelarane på innbytterbenken i eit og same bytte.

Andreas Time, Ola Selliken, Anders Hognestad, Truls Vagle, Edvard Rasmussen og Svein Arne Monsen kom alle inn i det 58. minuttet. Foto: Gunnar U. Stangeland

Sparebluss

Det var klasseforskjell på laga og Rosseland kunne nok vunne meir. Behageleg med ein kamp på sparebluss etter to slitekampar. No venter Skjold borte og lokalderby mot Klepp før laget tek ein fortent ferie.

Imre Aune kom innpå igjen etter ein liten pust i bakken og hadde gode arbeidsforhold mot Tasta. Foto: Gunnar U. Stangeland

ANNONSE
Annonse