Annonse
Dryla.no

Rosseland-Tasta:

Sørpekasting og målorgie

Rosseland og Tasta møtes i seriesamanheng for første gong på 19 år torsdag.

Publisert:

Sist oppdatert: 15.06.2022 kl 12:01

Det gjekk hardt føre seg på ein bane lite egna til fotball sist Rosseland møtte Tasta i serien.
I følge referatet måtte banen på Tasta inspiserast og vart godkjend under tvil.
På stillinga 0-3 til dei oransje vart det for mykje for ein Tasta-spelar:

"En Tasta-spiller likte ikke å bli tacklet av Ole Petter Malmin og svarte med å kaste en ”sørpekake” i bakhodet til RBK-spillerne. Dommeren trakk korrekt opp det røde kortet."

Undheim med hattrick

Jo Åge Undheim varta opp med tre scoringar, Rosseland vant 6-0 til slutt. I motsett oppgjer, heime på Hognestad, vart det 5-1-siger for dei oransje.

2001 var sist Tasta slo Rosseland. Knut Hammer Larsen og Petter Eide (2 scoringar) senka Rosseland på Hognestad. Morten Sørensen og Magnus Grødem Jr. scora for heimelaget.

Første kamp på "kunsten"

Kampen torsdag er Tasta sitt første møte med Rosseland sitt kunstgras. I 1996 var Stavanger-laget på vitjing på Brynes austkant, men underlaget var kvitt og av grus. Storscorar Svein Høgemark sette tre ballar bak Tasta-keeperen i 4-1-sigeren det året.

Formlag

Tasta har funne formen før møtet med Rosseland. Mandag denne veka slo dei Vard Haugesund II 1-0 heime på Stemmen. Laget ligg på tiande plass på tabellen med sju poeng på dei første åtte kampane.
Rosseland er på femteplass med 14 poeng og ein kamp mindre spelt.

Nøkkelord

Annonse