Thorsen-comeback og seriedebut etter 21 månaders skademareritt

Anders Dahle Thorsen entra banen i det 76 minuttet etter 21 måneders skademareritt. Foto: Gunnar U. Stangeland
Anders Dahle Thorsen (31) gjorde eit etterlengta comeback mot EIK II.
Publisert: 12.05.2023 kl 23:10
Sist oppdatert: 12.05.2023 kl 23:11
Den tidlegare Bryne-backen har ikkje spelt mykje fotball etter at han flytta heim og signerte for Rosseland i 2019. Åtte kampar har det blitt, men ingen i serien.
Skadane har vore mange og avbrekka har vore lange.
Difor var det ekstra gledeleg at 31-åringen var tilbake med nummer tre på ryggen det siste kvarteret mot EIK II fredag. Sist Thorsen var på banen, var nettopp mot EIK II, i privatkamp sommaren 2021.
Me håpar helsa held og at det blir fleire kamper på høgrebacken framover.