Annonse
Dryla.no

Selliken sikra sjette strake siger

Oscar Gåsland stod ein ny god kamp og vann keeperduellen mot Henrik Urdal. Sistnemnde fekk direkte rødt på overtid av andre omgang.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Oscar Gåsland stod ein ny god kamp og vann keeperduellen mot Henrik Urdal. Sistnemnde fekk direkte rødt på overtid av andre omgang. Foto: Gunnar U. Stangeland

Rosseland spelte ein av dei svakaste omgangane for sesongen, men greide å avgjere mot eit godt organisert EIK II-lag.

Publisert:

Sist oppdatert: 13.05.2023 kl 10:24

Rosseland var store favorittar etter fem strake trepoengarar, då svakt plasserte EIK-reservar tok turen til Bryne fredag.
Heimelaget opna best og spelte seg til nokre halvsjansar, men vikarspiss, Imre Aune, vart mykje åleine på topp.

Lurt Frispark

Pasningsspelet sat ikkje som det skulle, press og løp utan ball var svært tilfeldig. Heller ikkje kaptein Peter Time fekk boltra seg på dødballane.
Det gjorde heldigvis Ola Selliken. Eit lurt frispark frå Truls Sælevik Vagle landa perfekt på hovudet til Ola, som styrde inn 1-0 etter 13 minutt.
Det skulle visa seg å verta kampens einaste mål. For det som mangla før scoringa, vart endå meir fråverande etter målet. Rosseland var rett og slett ikkje til å kjenna att frå sine siste kamper, kanskje var det det harde kampprogrammet som gjorde seg gjeldane.

Meir fart

Ti minutt ut i andre omgang kom fleire av spelarane som vart kvilte frå start inn på banen. Sondre Hovland og Even Aasen sette meir fart i angrepsspelet, men det vart mykje nesten.
Innbyttar Teo Vagle var svært nær scoring, det same var Imre Aune som vart tackla i det han skulle setje ballen i mål.

Fleire endringar på startelleveren enn vanleg. Sondre Hovland og Even Aasen fekk kvila frå start.

Fleire endringar på startelleveren enn vanleg. Sondre Hovland og Even Aasen fekk kvila frå start.

KAMPFAKTA

Raudt kort

EIK II var ikkje ufarlege og på slutten flytta dei opp spelarar for å jakta eit poeng. Det endte i kontringar og på overtid også raudt kort for den gode keeperen Henrik Urdal.

18/18

1-0-målet til Selliken sikra årets 18. poeng på seks kamper. Dette er den beste serieopninga sidan 2006. No venter eit revansjesugent Varhaug i lokalderby 16. mai. Då må Rosseland opp nokre hakk for å ta sin sjuande strake seriesiger.

Nøkkelord

Annonse