Annonse
Dryla.no

Sterkt bortepoeng mot godt Åkra-lag

Rosseland er framleis ubeseira, men måtte nøya seg med eit poeng borte mot Åkra.

Publisert:

Sist oppdatert: 15.05.2024 kl 23:51

Rosseland opna best i den utsette kampen. Andreas Ueland kom flygande i det første speleminuttet med nådde ikkje fram på innlegget frå høgre.
Det gjorde han då dei oransje tok leiinga. Einar Lye jobba inn ein ball på venstrekanten og slo eit flott innlegg, Andreas Ueland stupte fram og skalla inn 0-1.
Heimelaget tok over etter skoringa og la press på Rosseland i godveret. Rett før skoringa glapp det i det elles gode RBK-forsvaret og Åkra fekk si fortente utlikning.
Rosseland skulle hatt straffe rett etter utlikninga, då Kristen Reime vart lagt i bakken.

Etter pause var Rosseland best. Gjestene hadde eit rekke gode sjansar, spesielt ved innbyttar Geir Dahle Høyland, men Åkra-keeperen hindra skoring.
I staden fekk heimelaget fullklaff mot spelets gang. Eit langskot skifta retning og ein uheldig Anders Espeland måtte kapitulera.

Dei oransje ga seg ikkje. Kaptein Peter Aarrestad Time krangla inn 2-2 og Rosseland gjekk for alle poenga.

KAMPFAKTA

Sigersmålet kom aldri, og lufta gjekk litt ut av kampen då Jakob Beschel ofra seg føre eige mål og måtte ut med ein ankelskade og vidare på røntgen.

Laga hadde kvar sin omgang på Åkra stadion, 2-2 var eit greit resultat mellom to gode lag.

Rosseland er framleis ubeseira etter fem kampar og er nummer to på tabellen, to poeng bak Torvastad.
Neste kamp er heime mot SIF onsdag 15. mai.

Geir Dahle Høyland kom inn i pausen etter skadeavbrekk og kom til fleire gode målsjanser mot Åkra.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Geir Dahle Høyland kom inn i pausen etter skadeavbrekk og kom til fleire gode målsjanser mot Åkra. Foto: Gunnar U. Stangeland

Peter Time og Jacob Beschel storspelte bakerst hjå Rosseland.

Peter Time og Jacob Beschel storspelte bakerst hjå Rosseland.

Nøkkelord

Annonse