Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Svein Arne Monsen har flest kampar for Rosseland. Mot Vardeneset kom Monsen inn til sin 382. A-kamp. Foto: Marius Bøe
Ny Rosseland-historie vart skriven då Svein Arne Monsen (35) entra banen mot Vardeneset i den siste kampen før ferien. Mål-Monsen har teke Kurth Gausland sin rekord for flest A-lagskamper for Rosseland!
Publisert: 21.06.2023 kl 15:24
Sist oppdatert: 29.06.2023 kl 23:15
Veteranen er inne i sin 16. sesong i Rosseland og er Rosseland-legende så god som nokon. I tillegg til å no ha rekorden på 382 kamper for Rosseland, er Svein Arne den spelaren med nest flest scoringar for A-laget - 194 fulltreffarar!
Rosseland er ubeseira i vårsesongen etter at laget slo Vardeneset 3-0 i den siste kampen før ferien. Einar Lye sikra leiing i motvinden før pause, Vetle Apneseth og Imre Aune la på til 3-0 etter kvilen. Rosseland melde seg for alvor inn i tetsjiktet då topplaget Sola snubla heime not Varhaug. Rosseland er to poeng bak serieleiaren med ein kamp mindre spelt.
KAMPFAKTA
Svein Arne Monsen kom frå Klepp og Lye sitt A-lag etter å ha spelt juniorfotball i Bryne FK. I 2010 var han ein liten tur innom Ålgård, før turen gjekk tilbake til kompisar i Rosseland. Monsen har vore kaptein i fleire år og har vore sjølvskreven på laget dei fleste sesongar når ikkje arbeid og husbygging har blitt prioritert. I år er han saman med Jan Rune Hoff ein av to nestorar på laget, og bidreg med rutine og kløkt i ei meir tilbaketrukken rolle på bana.
Svein Arne Monsen var årets spelar i Rosseland i 2013 og 2014, og meiner sjølv han skulle hatt trofeet til odel og eige i 2015, hadde det ikkje vore for ein viss brite som leverte ein superb haustsesong.
Som toppscorar er det berre Sigval Bryne som kan skilta med liknande tal på A-laget til Rosseland. Svein Arne var mestscorande i 2009, 2010, 2011, 2012, 2014, 2015 og 2019 (delt med Cato Hansen).
Svein Arne har fått feire to opprykk med Rosseland, både i 2010 til tredjedivisjon og 2019 til fjerdedivisjon. Han var den første til å scora i teljande cuprunde, og kan som einaste spelar i historia skilta med tre 1. runde-kampar. Han har og rykka ned med Rosseland to gonger og gått halvannan sesong utan kamper grunna pandemi. Nokre skader har og gjort at rekorden til Kurth ikkje er blitt slått tidlegare.
Kurth Gausland var heller ikkje framand for alvorlege skader dei siste sesongane midt på 90-talet, men rekorden på 381 kamper har fått lege i fred i snart 30 år. Sigval Bryne og Ove Njå som er på dei neste plassane på Adelskalenderen vart passerte for ei god stund sidan. Jan Rune Hoff nærmer seg tredjeplass på Adelskalender. Unge Hoff passerte 350 kamper for Rosseland mot VBK og har som Monsen spelt 16 sesonger i oransje.
Jan Rune Hoff inn til sin 350. kamp for Rosseland. Foto: Marius Bøe
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.