Annonse
Dryla.no

Rosseland med full kontroll i historisk derby

Måndagens kamp på Kvalbein stadion hadde ein eim av 80- og 90-talet, tiåra då Rosseland og Brusand titt og ofte målte krefter på naturgras i Søre-Hå.

Publisert:

Sist oppdatert: 05.09.2023 kl 07:12

Det er 20 år sidan sist laga møttest til teljande kamp på Kvalbein stadion, og det kan i verste fall ta nokre år før det blir ny grasduell mellom laga. Om det ikkje var divisjonsforskjell, var det veldig tydeleg kva ende av fjerdivisjonstabellen laga tilhøyrer.
Rosseland prøvde etter beste evne å spela pasningsspelet sitt på det høge graset, men sjølv dei mest eminente teknikarane sleit med å få ballen til å gå i vanleg fart. Dermed blei det mykje nesten og mange dueller.
Å føra ballen i stor fart i høgt gras er ikkje for alle, men son av Brusands-ekspressen, Bent Apneseth, synte heimelaget korleis ein lagar mål på Kvalbein. Etter 16 minutt sette Vetle Johannessen Apneseth full fart frå venstrekanten. Etter å ha dribla 4-5 gulgrøne banka han ballen i mål til fortent 0-1-leiing.

Rosseland hadde fleire store sjansar før pause, men Brusand forsvarte seg desperat.

Brusand - Rosseland
0-4

I andre omgang tok etterkvart kreftene slutt for heimelaget. Einar Lye tok vare på sjansane og scora to gonger i løpet av kort tid.
Jarle Madland fastsette sluttresultatet til 0-4 etter eit flott framspel av Jarl Henning Nilsen, men sigeren kunne vore enda større om laget hadde vore meir effektive i andre omgang.

KAMPFAKTA

Brusand hadde berre ein målsjanse på eige gras og kan få det tøft med å berge plassen i divisjonen. Spesielt når hausten kjem og lagets kanskje fremste våpen - halvhøgt gras på Kvalbein stadion - ikkje lenger er tilgjengeleg.

PS: Sist Rosseland møtte Brusand på Kvalbein stadion hadde Bent Apneseth gjort comeback som (frustrert) spelande Brusand-trener. Kjell Ove Taksdal (i dag oppmann på A-laget), var banens beste med to scoringar i 6-1-sigeren.

Annonse