Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Foto: Gunnar U. Stangeland
Brusand hang godt med lenge mot opprykksfavoritt Sola i den første kampen i fjerdedivisjon på 10 sesonger.
Publisert: 25.03.2023 kl 17:56
Brusand, som rykka opp frå femtedivisjon i fjor, møtte Sola, som rykka ned frå tredjedivisjon, i den første kampen i fjerdedivisjon sidan 2013. Hå-laget gjekk respektlaust til verks mot halvproffane frå flyplassbygda og spelte seg til fleire gode sjansar og corner i starten av første omgang. Sola hadde lite å by på, men etter ei litt heldig scoring, signert Markus Svela fem minutt før pause, løsna det for gjestene.
Den tidlegare Riska-speleren Martin Mossmann dobla rett før pause etter passivt forsvarsspel, og litt av lufta gjekk ut av heimelaget då ein annan nykomar, Vegard Aasen, fekk lurt eit langskot rundt ein forfjamsa Ole Haver rett etter kvilen.
Men heimelaget kom tilbake. Sondre Kyllingstad i Sola-målet kan prisa seg lukkeleg for at han slapp raudt kort då han var uheldig å kvesta Fredrik Tuen ti minutt ut i den andre omgangen. Hovudskade og straffespark, men Sola fekk fortsetje med elleve mann.
Brusand fekk ei lita vitaminpille då kaptein Anders Ueland skora frå straffemerket. Laget skapte eit par gode sjansar før kreftene tok slutt og Sola kunne kontrollera inn tre poeng. Innbytter Isak Rogde fastsette resultatet til 1-4 på kunstgraset på Ogna.
Kampfakta
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.