Annonse
Dryla.no

Lye tremålshelt i dramatisk lokalderby

Tre mål på 20 min. Einar Tunheim Lye skora hat trick og avgjorde kampen for gjestene.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Tre mål på 20 min. Einar Tunheim Lye skora hat trick og avgjorde kampen for gjestene. Foto: Gunnar U. Stangeland

Etter eit vanvittig sjansesløseri begge veier, vart Einar Tunheim Lye den store forskjellen i derbyet på Kåsen.

Publisert:

Sist oppdatert: 04.10.2024 kl 22:47

Rosseland og Kåsen kjemper i kvar sin ende av tabellen, men poengavstanden var ikkje veldig synleg før pause i lokaloppgjeret.
Kåsen låg godt defensivt og tok dei kontringane dei fekk. Hans Braut og Joachin Primstad skapte uro i RBK-forsvaret, men då sjansane baud seg stoppa nettveggen eller Steffen Bolme forsøka.
Rosseland hadde og store sjansar ved Kristen Reime og Vetle Hovland, men det var mållaust til pause.

Sjansane aukte i antal etter kvilen. Sondre Hovland kom etter kvart inn på topp medan Vetle Hovland vart trekt tilbake i forsvar. Rosseland tok meir og meir over, og i det 78. minuttet greide endeleg Einar Lye å krangle ballen i mål.
Fortent nok, men Kåsen var åleine med keeper rett før dei oransje tok leiinga.

Målfesten frå i vår glimra med sitt fråver, men dramatisk vart det då heimelaget fekk tildelt eit svært billeg straffespark. Sindre Tjøtta utlikna frå merket og ga Kåsen håp i nedrykksstriden, men gleda vart kortvarig.
Peter Time vart sendt fram som oppspelspunkt og for å laga kaos i Kåsen-forsvaret, det bar frukter.
Eit minutt på overtid dukka banens gigant Einar Tunheim Lye opp på nytt og ekspederte inn 1-2 liggande på Kåsen-graset.
Då Sondre Hovland vart meia ned av Kåsens gode keeper minuttet seinare, fekk Tunheim fullføra hat tricket frå straffemerket. 1-3, tre nye poeng og den åttande sigeren på rad!

KAMPFAKTA

Med sigeren får Rosseland ei fire poengs luke til Frøyland på tredjeplass, det er eit poeng og mange mål opp Torvastad som har hengekamp.
Varhaug? Ti poeng bak.
Kåsen kavar i botn på tabellen, og må ta minst fire poeng på dei tre siste kampane for å halda plassen i fjerdedivisjon.

Debutant Patryk Samojedny fekk sin første A-kamp for Rosseland.

Debutant Patryk Samojedny fekk sin første A-kamp for Rosseland.

Kai Ove Stokkeland var nøgd med måten Rosseland tok tre poeng i lokalderbyet.

Kai Ove Stokkeland var nøgd med måten Rosseland tok tre poeng i lokalderbyet.

Første møte mellom Rosseland og Kåsen på det nye kunstgraset på Kåsen. Sist laga møttest i fjerdedivisjon på Kåsen stadion var i 1999.
 Foto: Gunnar U. Stangeland

Første møte mellom Rosseland og Kåsen på det nye kunstgraset på Kåsen. Sist laga møttest i fjerdedivisjon på Kåsen stadion var i 1999. Foto: Gunnar U. Stangeland

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.

Annonse