Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Her har Peter Time akkurat fullført hattricket. Tre mål med hovudet på 12 minutt.
Med orkan i kasta leika luftas baron, Peter Aarrestad Time, seg mot Randaberg. På 12 minutt avgjorde han kampen med tre effektive dødball-headingar.
Publisert: 20.10.2023 kl 15:50
Sist oppdatert: 20.10.2023 kl 16:07
Den kraftige vinden innbaud ikkje til finspel, men dødball-laget Rosseland utnytta naturkreftene til fulle i første omgang mot Randaberg. Laget pressa høgt og vann corner og frispark. Fjerdedivisjons beste pasningsfot i Truls Sælevik Vagle og divisjonens farlegaste hovudspelar i Peter Aarrestad Time er ikkje lett å forsvara seg mot i motvind. 3-0 og ekte heade-hattrick på 12 minutt!
Rosseland XI
Rosseland malte på i medvinden og Sondre Hovland ville ikkje vera dårlegare enn lagkameraten. Etter at Kristen Reime hadde gitt 4-0 på lekkert vis, krangla Sondre Hovland inn to før pause. Det siste på dødball etter at målet hadde velta i vinden!
Hattricket vart fullbyrda etter kvilen, før Randaberg svarte med 7-1 på dødball i medvind. Rosseland gjorde ikkje meir enn dei måtte i dei vanskelege forholda etter kvilen, men vann og andreomgangen etter 8-1-scoringa til Even Aasen rett før full tid.
Rekordane har vore mange for Rosseland i år. Tre poeng i ti seriekamper på rad har ikkje blitt gjort før, me har heller ikkje informasjon om at ein forsvarsspelar har scora tre gonger med hovudet på 12 minutt.
Det er no tre kamper igjen av sesongen. Med siger mot Midtbygdens i neste kamp ligg det an til opprykksduell mot Sola 10. november.
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.