Berg- og dalbane på Randaberg
Hengekampen mellom Randaberg og Rosseland vart eit underhaldande oppgjer fyllt med opp- og nedturer for begge lag. Laga hadde kvar sin omgang og Rosseland trakk det lengste strået.
Publisert: 28.09.2023 kl 17:10
Sist oppdatert: 28.09.2023 kl 17:13
Kampen som skulle vore spelt i mai vart alt anna enn den kjedelige onsdagskvelden i tussmørket ein såg føre seg på det gamle, utslitne kunstgraset på Randaberg.
Kampen var berre sju minutt gamal Sondre Hovland var lagt i bakken like utanfor sekstenmeteren på veg mot mål. I staden for raudt kort på siste mann, vart det gult og ut med skade for Fredrik Førre. Frisparket vart klinka i krysset av banens einar - Einar Tunheim Lye!
Leiinga heldt ikkje lenge, og det skulle bli ei stund til Rosseland igjen var i føringa.
Anders Espeland laga straffe som Lester Andualem Gundersen Mitchell ekspederte i mål.
Randaberg fekk god tid til å kontra og hadde ganske gode arbeidsforhold med svarte drakter i den dunkle lyssettinga. Elias Christiansen sendte heimelaget i føringa, men Rosseland svara minuttet seinare ved Vetle Apneseth.
Eit Rosseland-lag som ikkje er kjende for å sleppa inn mange mål var litt rysta og prega då personlege feil og ein god gamaldags retningsforandring på eit frispark sørga for 3-2 og 4-2 til pause.
Høgt press
Ein ny situasjon og ei ny utfordring for Rosseland, men responsen i andre omgang var førsteklasses. Laget fekk beskjed om å pressa høgare, dermed fekk aldri Randaberg til noko etablert spel. Det gjorde Rosseland.
Som i første omgang vart Sondre Hovland sparka ned utanfor sekstenmeteren. Keeper Joa slapp med gult kort, men kunne ikkje hindre at Einar Tunheim Lye sette nok eit frispark i mål.
Utligninga kom rett etter. Eit voldsomt RBK-press måtte gje resultat, Vetle Apneseth vart tomålsscorar då han sette inn ein retur i tomt mål.
Sjølvmål
Sigersmålet måtte og koma. Innbytter Kristen Reime kom inn med fart på høgrekanten og var sterkt involvert då ein uheldig RIL-stoppar sette ballen i eige nett. 4-5!
Det skulle koma nok eit Einar Tunheim Lye mål på slutten og med 4-6 var snuoperasjonen komplett.
19 år sidan sist
Ein må tilbake til serieopninga i 2014 for å finna sist Rosseland kom tilbake frå å ha lege under med to eller fleire mål til pause. Den gongen snudde Paul Ove Laland og co. 3-0 til 3-5 i andre omgang mot Vigrestad.
Sist gong Rosseland slapp inn fire i same kamp var i august 2022, borte mot Vard 2.
Med i toppkampen
Med siger i hengekampen gjekk Rosseland opp på delt tabelltopp med Varhaug, eit poeng før Sola.
No venter ein tøff bortekamp mot EIK 2, før Klepp kjem på besøk til årets siste lokaloppgjer.