Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Rosseland har funne målformen før toppkampen mot Sola. Elleve scoringar mot Hundvåg måndag vart fulgt opp med seks fulltreffarar mot MIL torsdag.
Publisert: 16.06.2023 kl 16:40
Sist oppdatert: 16.06.2023 kl 23:45
Etter ei litt tung rekke før og etter Jærnåttå, med tap for Bryne og uavgjort mot Varhaug og Klepp, har laga lenger nord fått unngjelde i sommarvarmen. Rosselandsbanen blir forvandla til leikegrind når gradestokken bikkar 20, og Ola Mæland har fått vera med i leiken.
Foto: Marcus Sikveland
I debuten mot Hundvåg var USA-studenten banens beste og rada opp med hattrick, mot Midtbygdens herja han i 90 minutt mot gjestene frå Tau.
Sondre Hovland spelte mindre i den første kampen, men noterte seg for scoring. Mot Hundvåg frå start vart det to nye fulltreffarar.
Kaptein Time og Einar Lye held og opp scoringssnittet, Truls Vagle Imre Aune scora begge to mot Hundvåg. Gledeleg er det og at Vetle Apneseth igjen har funne ut kor målet står.
Det er kjekt å ha mange offensive strenger å spele på når topplaget Sola gjester Rosseland i den neste siste kampen før ferien. Me håpar på over 20 grader og fleire scoringar. Og sjølvsagt også eit tett forsvar til å halda proffane frå flyplassbygda på avstand.
Rosseland - Hundvåg 11-0 - KAMPFAKTA
Rosseland XI mot Hundvåg
Rosseland - Midtbygdens IL 6-1 - KAMPFAKTA
Rosseland XI mot Midtbygden
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.